Attende
Motor
STOPP
Riksmål English

Stoppventilen

STOPPVENTILEN på dieselpumpa er elektrisk, og slepper diesel inn i pumpa so lenge tenningen står på. Med ein gong du sler av tenningen, sperrar han dieseltilførselen, og motoren stoppar.

Det er ogso ein mekanisk hendel på pumpa som kann brukast for å stoppa motoren.



Problem

Motoren går dårleg.                                                


Dette kann skuldast at stoppventilen på dieselpumpa ikkje opnar skikkeleg. Byt til ny stoppventil.

Eller: Luftlekkasje ein eller annan stad millom tanken og pumpa. Tett dieselfilter. Vatn i dieselfilteret. Feil på maksmengderegulatoren. Tette dyser.



Problem

Motoren fuskar eller sloknar.


Dette kann skuldast at leidningen på stoppventilen er nesten av, eller for dårleg påskrudd.

Dersom hetta hev sprukke, vil ho ikkje halda leidningen stabilt på plass, og vibrasjonar kann dermed føra til at han ryk av eller losnar.


Hette med sprekke. Ha på isolasjonslimband eller krympestrømpe.


Problem

Motoren vil ikkje stoppa, sjølv um tenningen er skrudd av.


Dette kann skuldast at stoppventilen ikkje stenger skikkeleg for dieseltilførselen. (Eller at han fortsatt fær straum, men det er lite truleg.)

Slå av motoren med den mekaniske stopphendelen på pumpa.
Skift til ny stoppventil.





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional