Framsida
Bremser
FRAMME
Riksmål English


Kaliper

Frambremsene

Frambremsene er det viktigaste du hev på bilen. Dei må alltid vera i topp stand, og kontrollerast ofte. Det er ikkje nok å lita på at varsel­lampen for nedslite bremse­belegg fungerer (og vanlegvis er leidningane på bremse­klossane kutta av).

  • Bremseklossane (3) må ha tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.
  • Bremseskivene (2) må vera blanke på båe sider, og tilstrekkeleg tjukke.
  • Alle fire bremsestempeli (6) på kvar kaliper må kunna bevega seg fritt.
  • Bremseakkumulatoren må vera i orden.


Bremsebelegg
Min. 3 mm

Bremseskive
Min. 18 mm

Bremseskivene MÅ skiftast um dei er tunnare enn 18 mm

• Fram- og ba­kbremsene er uavhengige.

• Bremse­akkumulatoren gjev reservetrykk til fram­bremsene, i tillegg til å gje trykk til resten av systemet.

• Bremse­akkumulatoren finn du nedanfyr batteriet.

Skjema
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX

Dersom det hydrauliske trykket skulle bli vekke under køyring, vil du fyrst merka at bilen blir veldig tung på rattet. Du vil fortsatt klara å styra, men du må ta i. Fjøringen vil forsvinna, og bak­bremsene vil slutta å virka. Men fram­bremsene vil enno fungera ei liti stund, sofram bremse­akkumulatoren er i orden.
Og skulle alt svikta, kann du ty til naud­bremsene (hand­bremsene).




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional Valid CSS!