Framsida
Motor
MOTOROLJE
Riksmål English


• Er den brukte oljen like blank og fin som då den var ny?
— Ikkje bra.

• Blir oljen svart?
— Det er bra, for då betyr det at oljen hev teke med seg ureinheiter.

Motorolje

MOTOROLJEN er viktig å passa godt på. Han skal smỳrja, ta med seg ureiningar, og i ein viss grad kjøla. Byt olje og oljefilter tilstrekkeleg ofte, og bruk olje av god kvalitet.

Dieselmotorar og turbo stiller ekstra høge krav til oljen.

Pass alltid på, kvar gong du startar, å ikkje gje gass fyrr bilen hev heist seg upp. Det er nemleg svært viktig å ikkje belasta motoren fyrr oljen hev byrja å sirkulera skikkeleg.


Når du skal fylla på olje, sjå på undersida av loket. Hev det eit krémaktigt gråkvitt belegg, må du sannsynlegvis skifta toppakningen.
Eit anna varsel um defekte toppakning, er når kjølevatnet minkar og oljen stig.

10W—30

10W fortel kor tjuktflytande oljen er ved –18°C. Til høgare tal, til tjukkare olje.
Bur du på ein kald plass, bør du bruka 5W-olje vinterstid, motoren vil då få snøggare smỳrjing ved kaldstart.

30 fortel kor tjuktflytande oljen er ved 100°C.
Brukar motoren olje når du har på 30-olje, kann du prøva å skifta til 40-olje, som er tjukkare. Det kann ogso hjelpa å skifta til tjukkare olje um du fær blårøyk frå eksosen når du startar motoren.

Du brukar naturlegvis motorvarmar heile vinteren?

Lurium

• Skal du ha lurium i oljen?
— Kanskje, kanskje ikkje. Det kann fungera stikk mot sin hensikt, um luriumet og oljen ikkje høver saman.

Pro-Long og QMI kann vera verd å vurdera.

Kontroll

Ikkje stol for mykje på målaren inne i bilen (um han i det heile fungerer).

Bilen må vera parkert på flatt underlag, og motoren må vera kald. Dra uppor peilepinnen og turk av honum med eit papir. Set han i att og vent litt. Dra honum uppor att, og les av oljenivået. Det skal vera millom dei tvo målestreki. Er det for lite fyller du på litt, er det for mykje tappar du ut litt.
NB! Det er svært viktig at nivået ikkje er yver den yverste streken.

— Kor ofte?

Minimum kvar helg.
Du kann forøvreg aldri kontrollera nivået for ofte.

Oljeskift


Oljefilter til CX diesel.

• Botnpluggen løyser du enklast med ei stor wisegriptong.

  1. Motoren må vera heit eller lunken.
  2. Heis bilen upp i yverste stilling og set bukkar under dei fremre jekkfesti (og gjerne ogso under dei bakre um han hev det med å siga fort ned att).
  3. Dra peilepinnen litt uppor og løys oljepåfyllingsloket.
  4. Tapp ut oljen (pass på å ikkje brenna deg; bruk t.d. vinterfora arbeidshanskar).
  5. Ta av det gamle oljefilteret (du må kanskje bruka oljefiltertong).
  6. Fyll det nye oljefilteret med ny olje.
  7. Vent ein times tid slik at motoren fær renna godt frå seg.
  8. Set på ny pakning (koparskive) og skru fast botnpluggen.
  9. Tøm oljen ut or det nye filteret (dersom det skal monterast opp-ned), stryk olje på pakningen, og skru det på til pakningen sovidt tek borti. Stram deretter ¾ umdreining.
  10. Fyll på ny olje.
  11. Vent 5 minuttar, og kontroller nivået.
  12. Start motoren, og kontroller at du ikkje hev lekkasjar (botnpluggen, botnpanna, oljefilteret).
  13. Ta vekk bukkane og set bilen i normalstilling.
  14. Skriv ned kilometerstand og oljetype, og at oljefilteret er skifta.
Hugs hanskar (ikkje latex) og vernebriller!

— Kor ofte?

Olje minimum tvo gonger i året: seinhaustes og tidleg um våren, uavhengig av køyrelengde. Hev du veldig mykje småkøyring um vinteren, og du ikkje brukar motorvarmar, bør du ogso byta èin gong midt på vinteren.
Oljefilter bør bytast ein gong i året på bensinmotorar, og tvo gonger i året på dieselmotorar.

Motorolje BENSIN 2L
M20/616
BENSIN 2.2L
M22/617
BENSIN 2.4L
M23/623
BENSIN 2.4L
M23/622
Mengd 4,65 liter 4,65 liter 4,65 liter 4,65 liter
Skildnad min/maks på peilepinnen 1,1 liter 1,1 liter 1,1 liter 1,1 liter
Motoroljetype DIESEL
M25/660
BENSIN 2L
829.A5
BENSIN 2.2L
J6T.A500
BENSIN 2.5L
M25/659
Ned til –16°C • TOTAL SUPER DIESEL
15 W 40
Under –12°C • TOTAL
RUBIA - S - 10 W
Oljefilter
Type • Purflux LS 483 • Purflux LS 468 • Purflux LS 468 • Purflux LS 468
Motoroljemengd
Totalt
Oljeskift m/ filter 5,6 liter 5,25 liter 5,25 liter 5,3 liter
Oljeskift 5,0 liter 5,0 liter 5,0 liter 4,6 liter
Skildnad min/maks på peilepinnen 0,9 liter 1,5 liter 1,5 liter 1,1 liter
Motoroljetype DIESEL TURBO 1
M25/648
DIESEL TURBO 2
M25/669
BENSIN TURBO 1
M25/662
BENSIN TURBO 2
M25/666
Ned til –16°C • TOTAL SUPER DIESEL
15 W 40
• 15 W 40
Under –12°C • TOTAL
RUBIA - S - 10 W
• 10 W 30
Oljefilter
Type • Purflux LS 483
• Fram PH 4826
• Purflux LS 483
• Fram PH 4826
• Purflux LS 468 • Purflux LS 468
Motoroljemengd
Totalt 6,0 liter
Oljeskift m/ filter 5,6 liter 5,5 liter 5,25 liter 5,25 liter
Oljeskift 5,0 liter 4,8 liter 4,6 liter 4,6 liter
Skildnad min/maks på peilepinnen 0,9 liter 1,8 liter 1,1 liter 1,1 liter



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional