Attende
Motor
SKIFTING AV TOPPAKNING
Riksmål


M25/648 dieselturbo 1                

Verktøy

  • Momentnykkel
  • Gradeskive
  • Tildragingsverktøy med langt skaft
  • Div. fastnyklar etc.

Du treng

  • Toppakning
  • Frostvæske
  • Olje

Og kanskje

  • Toppdekselpakning
  • Pakningar til manifoldane
  • Pakning til eksosen
  • Stoppskiver til ventillyftarane
  • Vasspumpe
  • Drivreimar
  • Oljefilter

Varseltrekant Varseltrekant


Å SKIFTA toppakning på dieselmotor er ikkje so vanskeleg; bortsett frå at det er FORFERDELEG tungt å stramma boltane. Men det er mykje arbeid, so du bør berekna deg god tid, og ogso overhala toppen når du fyrst har honom av, og få honum plana (um naudsynt) og evt. trykktesta.

Du kann ogso vurdera å skifta vasspumpa med det same, og montera nye drivreimer. Kanskje bør du ogso setja på ny toppdekselpakning, og setja på nye pakningar på manifoldane og eksosen.

Toppakning

Her ser me at det hev kome inn kjøleveske på 3 og 1, og litt på 2. Berre 4 (heilt t.v.) ser bra ut.



• Ikkje roter motoren når toppen er av.

• Det blir diskutert um det er naudsynt å skifta til nye boltar ved montering (Citroën anbefaler nye). Brukar du dei gamle, må du passa på at gjengene er heilt reine og utan skader.

• Toppen og toppakningen til dieselturbo 2 kann ogso brukast på dieselturbo 1.


Demontering av toppen                    

• Motoren må vera HEILT kald fyrr du tek av toppen.

Toppakningen kann sjå heil ut, men det kann vera sprekker i metallet.

  1. Set bilen på bukkar eller oppå ei smỳrjegrav.
  2. Kopla frå batteriet.
  3. Dekk til dynamoen med plast.
  4. Ta ut radiatoren: Trekk ut straumkontakten, kopla dei 2 grove slangane frå vasspumpa, løys de 2 festi oppe og lyft varsamt utor.
  5. Ta ut grillen og viftene.
  6. Ta ut slangen som går millom luftfilteret, turboen og toppdekselet.
  7. Skru av dekselet yver drivreimene, ta av strammehjuli, løys dynamoen, og ta reimene av vasspumpa.
  8. Kopla frå kaldstartregulatoren.
  9. Kopla frå dieselinnsprøytingen (4 mutterar).
  10. Kopla frå dei 4 slangane (1 grann på luftmanifolden, 3 grove bak/th).
  11. Kopla frå leidningane: 2 til å dra av, 1 kontakt, 1 leidning til glødepluggane, 1 jording (ta av metallbøylen).
  12. Skru av røyri på luftmanifolden (2 boltar og trekk oppor) og skru av luftmanifolden.
  13. Turboen: Kopla frå olje inn (det er vanskeleg å koma til den bakarste unbrakoen; hald unbrakonykkelen i vinstre hand og stikk handi inn bakom og bruk høgre hands tommel og peikefinger til å få unbrakonykkelen på plass). Kopla frå olje ut.
  14. Skru av eksosmanifolden (8 mutterar, 4 mutterar på eksosrøyri, 1 bolt på festet).
  15. Skru av toppdekselet.
  16. Skru av ventillyftarane.
  17. Ta ut støytstengene.
  18. Med HEILT kald motor: Skru av toppen ved å løysa boltane i omvendt rekkefylgje (17—1).

Du kann laga deg verktøy for å løysa unbrakoane på oljetilførselen til turboen: Bryt av ein unbrakonykkel i ei tvinge og bank fast eine biten i ein 6mm fastnykkel.

Deretter kann du bruka ein unbrakonykkel berekna til å skru på skrå.


Klargjering til montering

  • Reingjer godt på flatene som er i kontakt med toppakningen.
  • Kontroller um toppen er plan. Er han ikkje det, må du få honum plana. Og ser du den minste antydning til sprekker må du få honum trykktesta.
  • Reingjer manifoildane og der dei er kopla til toppen, samt pakningane.
  • Reingjer boltane um du vil bruka deim upp att. (Klem gjengene hardt millom ein stålbyrste og ein twistdott og skru inn- og utyver til gjengene blir heilt blanke.)
  • Reingjer gjengene i blokki (ta til dømes ein microfiberklut på eit flatt skruejarn og skru nedyver so langt som det går, og so upp att).
  • Du kann no ogso evt. overhala toppen.
  • Skal du byta vasspumpe er dette rette tidspunktet.

Med avteken topp.


Montering av toppen                    

  • Fest toppakningen (skal ned på to tappar).
  • Legg toppen varsamt på plass.
  • Set i boltane (ha på litt motorolje og turk godt av dei med ein klut fyrst: klem kluten hardt mot gjengene og vri rundt). Pass på at stoppskivene vender rett veg (med klørne nedover).
  • Skru fyrst fast med moment, og deretter med grader (sjå uppsettet nedanfyr). På slutten blir det svært tungt å skru.
  • Set i støytstengene (kontroller at dei er heilt beine).
  • Set på ventillyftarane. (Dette er ein fiklejobb: du må passa på at stoppskivene ikkje blir klemde fast og at støytstengene hamnar der dei skal. Pass ogso på å setja akslingen på rett veg: dei små holi skal venda oppover.)
  • Monter alt saman att.
  • Etterfyll frostvæske.
  • Etterfyll eller skift olje og set på nytt oljefilter om det trengst.
  • Start og lat motoren gå til viftene sler inn.
  • Vent til motoren er HEILT kald att og stram med grader (sjå nedom her).
  • Juster ventilane.

Set ein bit med farga limband på gradeskiva slik at det er lettare å sjå kvar du skal stoppa.

1 2 3 4
Stram med moment
40 Nm (4 kpm)
Stram 100° Stram 100° Start og lat motoren gå til kjøleviftene sler inn. Lat honom kjølna heilt att (min. 3 timar). Stram 45°
(Du må naturlegvis setja motoren fullstendigt saman att og fylla på kjølevæske og olje fyrr du startar honom.)

På arket du hev skrive ut: merk av slik som vist her for kvar bolt du hev stramma, slik at du ikkje går i surr.


Stramming       Skriv ut (A4-ark i liggjande format)


Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional