|
Kjøp
-
Kor gamal bil skal du kjøpa?
-
CX
19758/1981 (årsmodell 75-81). Dette er ur-CX'en. Plaga av myket rust.
-
CX
9/19818/1985 (årsmodell 82-85). Her er rustproblemi myket mindre.
Innvendig ser han ut som ur-CX'en
med unnatak av radioplasseringen.
Det er vorte spyling i vindaugsviskaren i staden for på panseret, og breidare framskjermar.
-
CX2
9/19851990 (årsmodell 86-90). Her er myket endra. Utvendig er det kome plaststøytfangarar
og plastskjørt, og sidelister utan metallstriper. Innvendig er det heilt ny midtkonsoll og
dørsider, vanlege runde
instrument, tjukkare ratt og hardare seter.
- Kva type?
-
Berline.
Dette er den vanlege personbilen. Gode seter både framme og bak, men litt lågt under taket (særleg med soltak).
-
Prestige.
Som personbilen, men med bedre plass til baksetepassasjerane (er like lang som Break),
større takhøgd
og meir luksuriøs.
-
Break.
Stasjonsvogn/varebil med svært god plass. Dårleg baksete med kort rygg, men gode nakkestytter.
Litt stiv fjøring bak (so lenge
du ikkje hev fullt lass). Kann ogso fåast som (eller byggjast um til)
8-setar.
- Kva motor?
-
Bensin.
Gode motorar, men høgt forbruk.
-
Diesel.
Her er det tuboane (1984-90) som utmerker seg. Dei er ypparlege, med lang
levetid, skikkeleg drag og relativt lågt forbruk. (TRD1 er den mest driftssikre.)
|
|
|
|