|
Vatn og grums samlar seg i botnen av filterhaldaren, og bør av og til tappast ut. Gjerne kvar gong du byter olje.
- Løys dei tvo boltane som held fast filterhaldaren og lyft upp filteret.
- Opna dreneringsskruen i botnen. (Gjennomsiktig slange upp i ein liten behaldar.)
- Opna lufteskruen som vender mot torpedoveggen. No vil det renna ut vatn/diesel.
- Steng lufteskruen som vender mot torpedoveggen og deretter den i botnen.
- Monter filterhaldaren på plass att.
- Opna lufteskruen som vender mot torpedoveggen og pump til det kjem ut diesel utan luftboblar.
(Gjennomsiktig slange upp i ein liten behaldar.)
- Stram lufteskruen.
- Spyl vekk evt. søl.
|
|
Um du inkje fær tappa ut, er dreneringsholet tett av sand: ta sund filterhaldaren og reingjer.
|
|