Attende
Motor
JUSTERING
Riksmål English


MED KALD MOTOR

• Kontroller at 7 er so langt mot høgre som han kann koma. Juster med 6 og deretter 4.

Justering DPC

NB! Evt. luftkjøling (aircondition) må vera avslegen når du justerer.

Dieselpumpe Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX


MED VARM MOTOR

• Kontroller at kabelen som 6 er festa på er slakk. Dersom ikkje må sannsynlegvis kaldstartregulatoren skiftast.

Med motoren av:
• Trykk gasspedalen heilt i botnen; 1 skal no ta borti 2. Dersom ikkje; juster 3.
Når gasspedalen ikkje er inntrykt skal 1 ta borti 5.

Med motoren i gang:
• Set 1,5mm millom 1 og 5 ved b. Set ei 3mm metallstong i a ved å dra 9 utover. Juster 5 til tomgangen er på 800 ± 50 o/min.
• Fjern 1,5mm og metallstongi og juster 8 til tomgangen er 800 ± 25 o/min.
• Gje gass til du hev 3000 o/min og slepp gasspedalen brått. Dersom motoren hev lett for å slokna når du gjer dette, må du skru 5 ein kvart omdreining utover. Dersom motoren reduserer turtalet for sakte, må du skru 5 ein kvart omdreining innover. (Hev du no justert 5 må du kontrollera tomgangen på nytt.)
• Kontroller at motoren let seg stoppa med 9.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional