Framsida
Motor
KJØLING
Riksmål English

Varsellampe


Reduser farten.   Set varmeapparatet på fullt.   Du må ha kjølevæske/vatn.


Varsellampe

Stopp so fort som råd.   Ikkje slå av motoren.   Opna panseret.   Ikkje skru loket av ekspansjonstanken.





Kjøling

Kjøling av motoren blir hovudsakeleg utført av kjølevæska. I tillegg vil oljen bidra litt.


Kjølevæske                                  



Kjølevæska skal halda motortemperaturen stabil, og tilføra varme til registeret (varmeapparatet). Ho skal ogso hindra rust og attgroing, samt tola frost og ha høgt kokepunkt.

Vasspumpa held væska i sirkulasjon.

Kjølevæska kjøper du som konsentrat som du blandar med reint (helst sterilt) vatn. (Ikkje utset kjølevæskekonsentrat for kulde.)


Vasspumpe.


Skifting av kjølevæske                                                                


  1. Set varmeapparatet på full varme um du hev eldre CX.
  2. Vern dynamoen med plast.
  3. Skru loket av ekspansjonstanken og løys lufteniplane.
  4. Tapp ut kjølevæska (den vetle slangen på radiatoren).
  5. Tøm sakte ny kjølevæske i ekspansjonstanken.
  6. Steng lufteniplane når det byrjar spruta ut kjølevæske.
  7. Fyll ekspansjonstanken breddfull med kjølevæske og skru på loket.
  8. Fjern plasten på dynamoen.
  9. Start motoren og lat honum gå på 2000 o/min til kjøleviftene startar.
  10. Vent 15 minuttar og skru forsiktig av loket på ekspansjonstanken.
  11. Etterfyll kjølevæske til nivået er ca tvo cm over den raude markøren i tanken.


NB!
Aldri skru loket av ekspansjonstanken medan kjøleviftene går!!!


Lufting                                                                


Luftenippel Luftenippel.
Kontroller at det vetle holet nede på luftenippelen ikkje er tett: bruk i sofall ei nål eller ein liten bor for å opna det att.


Å lufta kjølesystemet betyr å få vekk luftlommar. Den einaste plassen det skal vera luft er i ekspansjonstanken.

Det er ein luftenippel på vasspumpa, og ein bortpå motoren. Samt ein lufteskrue uppe på høgre sida av radiatoren (den skrur du upp med fingrane: pass på å ikkje myssa den vetle pakningen um du skrur honum heilt ut).

Etter at du har fylt på kjølevæske må du opna lufteniplane slik at all luft fær sleppa ut. Loket på ekspansjonstanken må vera ope medan du luftar. Start deretter motoren og vent til han blir heit, og luft radiatoren (hanskar og vernebriller).

Lufteniplane kann sitja ganske godt fast, og det er fort gjort å glippa og skada deim um du brukar fastnykkel el.l. Bruk i staden ei wisegrip-tong som du festar i uppreist stilling. Stram tongi so mykje som du klarar, ta eit godt tak med båe hender, og vri forsiktig. (Um du prøver å festa tongi sidelengs vil du kunna få problem med å koma til, og du vil ogso få so mykje kraft på henne at du risikerer å bryta av luftenippelen.)



Lufteskrue

Lufteskruen på radiatoren.


Koking

Ikkje skru loket av ekspansjonstanken dersom kjøleviftene
går!!!


Um varsellampen byrjar blinka, reduserer du farten. Set gjerne varmeapparatet på fullt (men ikkje upp på ruta). Hev du kjølevæske eller vatn med deg i bilen? Dersom ikkje må du stoppa ved fyrste bensinstasjon, daglegvarebutikk, kiosk el.l. Eller fyrste grov eller elv.

Um kjølevæska byrjar koka (varsellampen lyser), stoppar du so fort som råd og let motoren gå på tomgang. Opp med panseret, men ikkje skru loket av ekspansjonstanken. Etter ei stund sler du av motoren, og etter 5 - 10 minuttar kann du skru loket av ekspansjonstanken. Skru loket av veldig forsiktig, pass på at du ikkje fær sprut i augo! Etterfyll kjølevæske (som du naturlegvis alltid har med i bilen!), eller reint vatn um du ikkje hev anna. Du må ogso løysa lufteniplane og sleppa ut luft (du har vel alltid med deg ein 8mm fastnykkel eller ei tong?).



Varsellampe

Um varsellampen for vasstemperatur blinkar, må du redusera farten. Um han byrjar lysa må du stoppa so fort som råd.


Rens                                                                


Um du vil rensa kjølesystemet, har du på radiatorrens (enkelte brukar uppvaskmiddel). Etter endt kur må du tappa ut so mykje av kjølevæska som råd, og spyla gjennom med hageslangen:

  • Registeret: Ta ut reservehjuli, kopla frå eine slangen som går inn i torpedoveggen, og spyl båe vegar. (Hev du gamal CX må du passa på å setja varmeapparatet på full varme fyrr du spylar.)
  • Radiatoren: Kopla frå båe dei tvo grove slangane som går inn på radiatoren, og spyl gjennom båe vegar. Opna lufteskruen og sjå at det ogso kjem vatn ut der.

Fyll på ny kjølevæske (hugs lufting!). Kontroller nivået etter fyrste køyreturen.


Spyling av radiatoren.


Lekkasje                                                                


Start motoren, gje gass og sjå um det sprutar ut nokon stad. Skift morkne gummislangar og stram alle slangeklemmer.

Finn du ingen synleg lekkasje, fyller du på radiatortetting (enkelte brukar kanel).


Dersom kjølevæska minkar og oljenivået stig, og det er eit gråkvitt belegg på undersida av oljepåfyllingsloket, må du sannsynlegvis skifta toppakning.


Kjøleviftene                                                                


Du har ei eller tvo kjølevifter framfyr radiatoren.

For å kontrollera um dei fungerer let du bilen gå på tomgang. Når temperaturen nærmar seg 90°C skal dei starta med redusert fart (90°C gjeld ikkje alle modellar), og 4-5 grader heitare med full fart. Startar dei ikkje er sannsynlegvis termostaten til viftene (på vinstre side av radiatoren) i ustand, eller der er dårleg kontakt.


Du kann starta viftene manuelt ved å kortslutta leidningane som går inn på termostaten. Bruk ein kort leidning med flatstikk i kvar ende.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional