Framsida
Eksteriør
PANSER
Riksmål English


• Når du let att panseret skal du alltid sleppa det ned, aldri klemma det att!

Panseret

Det er tvo typar panser; fyre og etter 1981. Det eldste hev spyledyser i bakkant. Det nyaste er endra rundt låsen, for å få plass til dei tvo kulane til kjøleviftene (som vart flytt lenger fram for å få plass til turbo).


NB! Aldri lat nokon setja seg på panseret, det toler det ikkje!


Kontroll

                                                                         


  1. Ta panseret ned til du kjenner låsebøylen tek nedi, og slepp det. Panseret skal no låsa seg, men ikkje gå heilt att.
  2. Hald panseret 25 cm upp i frå og slepp det. Panseret skal no gå heilt i lås. Du skal alltid lata att panseret på denne måten (pass på at ikkje nokon fær fingrane i klem).


Fyrr du let att panseret må du alltid kontrollera at det ikkje ligg att verktøy o.l. i motorrommet. Sjå ogso etter at alle lok er på: LHM, olje, frostvæske, spylevæske. Og at pakningen på friskluftinntaket er på plass.


Problem

Panseret let seg ikkje opna.                                                                          


Lag ein slik dings av ei metallstong (diameter 5mm).

Stikk honom upp frå undersida framme og prøv å opna låsen.                                                                    

Opning av panser
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX


At panseret ikkje let seg opna, skuldast vanlegvis at vaieren har roke eller strekt seg. Dersom han har strekt seg kann det vera nok å få nokon til å klemma ned panseret litt medan du opnar.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional