Funksjon
Ved å løysa skruen fjernar du trykket i det hydrauliske systemet.
Men hugs at det fortsatt er trykk på bremse- akkumulatoren.
Lufting
Du bør av og til lufta det hydrauliske systemet ved å løysa
lufteskruen (det vil ikkje koma ut væske) og lata bilen gå på tomgang
5-10 minuttar. Stram deretter lufteskruen og heis bilen heilt upp og heilt ned 5-6 gonger.
Løys og stram lufteskruen att.
Set bilen i normalhøgd.
|
|
Lufteskruen
For å fjerna trykket skal skruen løysast 1 - 1½ umdreining.
Han må ikkje takast heilt ut, for då kann du myssa kula som ligg inni der.
|
|
A D V A R S E L
Dersom du må skru på lufteskruen med motoren i gang,
må du vera veldig forsiktig
so du ikkje kjem burti drivreimene.
Stå stødigt, og hald deg godt fast. Ikkje lause kle,
skjerf, slips, langt hår etc.
Heller ikkje langt skjegg, for då kann du fenga det motsette av andlits- lyfting
(Det er nok her uttrykket »lang i maska« kjem frå
)
|
|