Framsida
Motor
LUFTFILTER
Riksmål English


• Løys yvre feste på luftfilterhaldaren for å få nok plass til å få ut luftfilteret.

• Brukar du trykkluft til reingjering, må du passa på å gjera det utandørs. Bruk ogso N95-maske, det blir mykje støv i lufti.

• Ha silikon på pakningane.

• Kontroller at gummi- pakningane under dei tvo føtene på luftfilter- haldaren er på plass.

Rust • Sjå etter um det er rust på luftfilterhaldaren (spesielt området du sér på teikningen), og pensla i sofall på Owatrol el.l.


Luftfilteret må bytast med jamne millomrom. I tillegg må det av og til takast ut og reingjerast. Det blir vel då vanlegvis brukt trykkluft. Men det korrekte skal vera å reingjera filteret i bensin, turka det og so setja det inn med ein blanding av ein del motorolje og fire deler bensin.

Hev du problem med at bilen går dårleg når du gjev mykje gass, og det då ogso kjem brunsvart røyk frå eksosen, kann du gå ut frå at luftfilteret er tett.


Luftfilter Nytt filter.


Når du skal setja i att eit brukt filter:

Filter Sida som hev vendt mot luftinntaket.

Filter Finn eit område som ser slik ut og plasser det mot luftinntaket ved montering.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional