Bruk olje som er berekna på turbo, og skift olje og oljefilter tilstrekkeleg ofte.
Oljefilter må skiftast kvar gong du skifter olje.
|
|
Turbo
Ein motor utan turbo må suga i seg lufti han treng til forbrenning, medan
på ein motor med turbo vil turboen pressa ei større mengd luft inn i motoren.
Dermed fær motoren meir krefter.
Ein stor turbo (T1) vil fyrst
byrja å fungera bra etter at motoren hev fenge eit visst turtal (treng tid på å spinna seg opp i fart).
Ein mindre turbo derimot (T2), vil byrja å fungera på lågare turtal, ettersom han hev mindre masse.
Han vil spinna seg snøggare opp i fart.
Når du parkerer er det svært viktig at motoren fær gå eit halvt
minutt på tomgang, slik at turboen fær tid til å roa seg ned.
Og hev du køyrt med høgt
turtal siste minuttane fyrr du stoppar, bør du venta minst èitt
minutt med å sløkkja motoren,
slik at oljen fær tid til å kjøla ned turboen.
|
|
Maks. lufttrykk |
Mbar |
T1 diesel |
720 |
T2 diesel |
470 |
T1 bensin |
800 |
T2 bensin |
440 |
|
|
Maks. o/min. |
O/min. |
T1 |
110.000 |
T2 |
150.000 |
|
|
Maks. temperatur |
°C |
T1 |
750 |
T2 |
1000 |
|
|
Oljetrykk |
Bar |
T1 / T2 |
0,7-2,1 |
|
|
|