Dieselturt
KØYRER DU dieselturt, er det litt arbeid å få start att.
- Fyll diesel på tanken.
- Opna lufteskruen på dieselfilteret (den som vender mot torpedoveggen) og pump til det kjem ut diesel utan luftboblar.
(Gjennumsiktig slange upp i ein liten behaldar.)
- Stram lufteskruen.
- Skru på tenningen.
- Pump til det blir motstand.
- Skru av tenningen.
- Spyl vekk evt. søl.
- Køyr startmotoren i 15-20 sek. utan å gløda fyrst, medan du held gasspedalen nesten heilt i botnen.
- Køyr startmotoren i 5-10 sek. utan å gløda fyrst, og utan å halda gasspedalen inne.
- Vent eit halvt minutt og start motoren på vanleg måte.
(Gearspaken i fri, gløding, inn med clutchen og deretter starta utan å røra gasspedalen.)
|