Framsida
Diverse
NY CX
Riksmål

  Og so er nyebilen kjøpt inn, og det kann vel no vera freistande å taka han i bruk med ein gong, men NEI!
  Set honum heller i skikkeleg stand fyrst!

Vask

  • Vask bilen godt, ogso inni døropningane. Spyl under og i hjulhusi med høgtrykkspylar. Tak ein meget grundig motorvask.

• Ved normal vask må ikkje høgtrykksspylar brukast i hjulhusi og under bilen. Det kann skada overflate- behandlingen, slik at rusten slepp til.

Feilsøking

  • Sjå yver bilen og finn alle feil og manglar.
    • Sjekk og evt. byt bremseklossar. Sjekk um bremseskivene er tjukke nok og um dei er blanke på båe sider.
    • Sjekk og evt. byt bremseklossar på handbremsene. Stramm um nødvendig.
    • Sjekk og evt. byt fjøringskuler.
    • Byt hovudakkumulatorkula, um pumpa driv og sler inn stadig vekk.
    • Byt bremseakkumulatorkula, for å vera på sikre sida (um du då ikkje veit at ho nyss er bytt).
    • Kontroller um det er nok LHM, motorolje, gearolje og frostvæske.
    • Monter smỳrjeniplar bak.
    • Få oversikt yver evt. lekkasjar. (Olje, LHM, drivstoff, frostvæske, vatn inn i kupeen.)
    • Sjå etter um det er sprekker på LHM-fødeslangen der han går inn på hydraulikkpumpa, og surr i sofall på rikeleg med elastisk limband, stramt.
    • Sjekk alle ljospærer.
    • Kontroller og evt. skift vindaugsviskar.
    • Få yversikt yver evt. rustproblem. (Um det er sideskjørt på bilen; tak deim av. Alltid rikeleg med rusthol under desse.)

V I K T I G

Når du skal under bilen
• Sikra med 4 bukkar.
• Bruk vernebrillor.

Når du jobbar med det hydrauliske systemet
• Pass på at det ikkje er att trykk.
• Bruk vernebrillor.

Inni

  • Kryp under bilen og sprut rustfjernar på setefesti som er synlege (tvo for kvart framsete).
  • Fjern alle lause matter, og støvsug inni kupeen og i bagasjerommet.
  • Skru laus plastlistene på dørtersklane.
    • Reingjer listene.
    • Smør på gummi/plastfornyar på båe sidur.
    • Legg skruane i rustfjernande olje.
    • Hav Owatrol ned i skrueholi.
  • Tak av gummipakningane rundt døropningane, bagasjeromsopningen, under bakkant av panseret, og rundt friskluftinntaket i motorrommet.
    • Reingjer pakningane. Um dei er deformerte kann det kanskje hjelpa å leggja dei ei stund i godt varmt vatn.
    • Smyr på silikon. Ogso på listene rundt frontruta og bakruta, og listene under lyktene.
  • Tak ut framseti.
    • Skyv seti heilt attende og skru laus dei tvo umbracoskruane som festar deim til golvet. Skyv deim so heilt fram, kopla frå kontaktane til varmeseti og skru laus dei tvo skruane bak.
    • Lyft seti varsamt ut gjennon framdørene. (NB! Det er veldig fort å skrapa burti dørsidene med understellet.)
    • Legg skruane og avstandsskivene i rustfjernande olje.
    • Hav Owatrol ned i skrueholi.
    • Reingjer seti under og smør leamikken med grease. Kontroller at alle funksjonar upp/ned fram/attende fungerer.
    • Fest ryggen att, dersom han hev losna.
    • Reingjer og sy fast evt. lause trådar.
  • Baksete.
    • På Berline: Lyft opp seteputa i framkant, og tak henne ut.
    • På Break: Skru av den svarte plata bak seteryggen. Skru laus seteryggen, og tak honom ut. Skru laus dei svarte dekseli på kvar side (må kanskje ha på rustfjernar/olje på skruane inni bakskjermane for å få deim lause).
    • Reingjer setet og sy fast evt. lause trådar.
  • Skru ut dei nedre festepunkti for sikringsbelti.
  • Tak ut golvteppi, og rens deim. Eller riv deim laus frå lydisoleringen og vask deim i badekaret.
  • Gå yver alle metallflater og fjern rust. Støyt skruejarn/syl hardt mot suspekte plassar.
  • Små rusthol kann du sveisa, eller lim fast metallplater med Sikaflex. Du kann ogso bruka stålsparkel (men hugs armering). Større hol (t.d. framfyr framseti) sveisast.
  • Reingjer godt med whitespirit. Ikkje tak på reingjorde flater med fingrane.
  • Lim på asfaltplater. Asfaltplatene må du varma upp til dei blir heilt mjuke fyrr montering. Press godt frå midten og utyver, bruk ei stor stålkule el.l. Hav deretter på Sikaflex langsetter kantane av platene.
  • Pensla på Owatrol (på heile botnen av bilen; alle metalloverflater, lakkerte som ulakkerte).
  • Pensla på tvo strøk med bengallakk/emaljelakk iblanda 10-15% Owatrol.
  • Monter på plass att alt i omvendt rekkefylgje (hav grease på boltane til sikringsbelti).
  • Gå yver heile interiøret og reingjer.
































Krumnål Sy fast lause trådar med krumnål. Legg lykkja på tråden rundt den lause tråden i setet, og sy honom nedi.

Under

  • Skrap/blås vekk all laus rust.
  • Reparer rustskader.
  • Turk godt og lenge.
  • Sprøyt på rikeleg med Owatrol.
  • Hav på bengalakk/emaljelakk iblanda 25% Owatrol.                      
  • Hav på tjukk understellsmasse.

Holrom

  • Tak ut gummiproppane og turk godt og lenge.                          
  • Sprut inn Owatrol.
  • Sprut inn holromsmasse.

Motorrom

  • Olje.
    • Hav motorrens i oljen og køyr i henh. til bruksrettleiingi. (Enkelte meinar at ein IKKJE skal bruka motorrens, og heller ikkje heilsyntetisk olje, avdi det då kann uppstå lekkasjar.)
    • Skift olje og oljefilter.
    • Skift olje i gearkassen.
  • LHM.
  • Frostvæske.
    • Still varmeapparate på full varme og tak ut reservehjuli. Kopla til hageslangen og spyl gjennom systemet, mot fartsretningen.
    • Skift frostvæske. ( TRD2: Bruk destillert vatn og frostvæskekonsentrat av beste kvalitet!) Hugs å lufta: luftenippel finn du på vasspumpa og til høgre for motoren.
    • Ved lekkasje: hav i tetningsmiddel.
  • Reimer.
    • Skift dei 4 drivreimene.
    • Um du hev registerreim: skift registerreim og strammerull. På diesel ogso reimi og strammerullen til dieselpumpa.
  • Luftfilter.
    • Skift luftfilter.
  • Drivstoffilter.
    • Skift drivstoffilter. Diesel: Reingjer botnen på haldaren, og stak upp dreneringsholet.
  • Dynamo.
    • Kontroller at han sit godt fast, og at reimi er stram.
    • Sjå etter at den tunne leidningen nede på vinstre side er på plass og heil, og at han sit godt. Dett han av vil ikkje dynamoen lada, og ladelampen vil heller ikkje lysa. Alltid kontroller at ladelampen sler seg på når du vrir på tenningen, og at han sloknar att når bilen hev starta. (Det kann av og til vera naudsynt å gjeva litt gass for å få honom til å slokna.)
  • Batteri.
    • Ta ut batteriet og plastbotnen, fjern rust og monter på plass att. Pass på at batteriet sit stødigt. (Det kann vera greidt å ogso ta ut lykti, for å koma bedre til.)
    • Kontroller og evt. etterfyll.
    • Reingjer og smỳr på batteripolfeitt eller Vaselin på batteripolane.
    • Set det på lading.
  • Motorfester.
    • Kontroller og evt. skift motorfester.
  • Dieselmotor
    • Sjekk luftfilterhaldaren for rust, spesielt på luftinntaket.
  • Bensinmotor
    • Sjekk og evt. byt tennpluggar.









































Rust
Turbodiesel
Rust på luftfilterhaldaren.

Utvendigt

  • Skrap/puss vekk all synleg rust.
    • Ha på rusthindrande grunning.
    • Sparkla og pussa.
    • Ha på rusthindrande grunning.
    • Sprøyt på lakk.
  • Ha på gummi/plastfornyar på alle gummi- og plastdetaljar.            
  • Vask og poler heile bilen.
  • Puss krom.
  • Poler frontruta (um du torer, poleringsmiddelet vil bli liggjande att i evt. djupe riper). Skift til ny rute um naudsynt.

Diverse

  • Få laga deg ekstra nyklar, og ha dei originale som reserve.
  • Ha med dette i bilen:
    • Varseltrekant.
    • Refleksvest i setelommen til passasjersetet.
    • Vognkort og tvo skademeldingsskjema, samt penn.
    • Litt fyrstehjelpsutstyr i ein pose (munn-til-munn-maske, plaster, enkeltmannspakke etc.).
    • Jekk + sveivi til jekken (plasserast i reservehjuli).
    • Komplett sett med brukte, men heile drivreimer (plasserast i botnen av reservehjuli).
    • Reserve LHM, olje og ferdigblanda frostvæske (plasserast i motorrommet: LHM i reservehjuli, frostvæske nede millom batteriet og radiatoren (under lykti), olje bak vindaugsspyletanken eller annan eigna plass).
    • Slepetog.
    • Startkablar (iallfall til diesel bør dei vera av lastebiltypen).
    • Sikringar og reservepærer, samt lommelykt (hovudlykt med diodepærer er best).
    • Div. verktøy (fastnyklar, skruejarn, umbraconyklar etc.).
    • Kabelskotong og div. kabelsko, el.-limband etc.
    • Elektrisk pumpe (til å hava luft i dekki).
    • Um vinteren: varmedress, pledd, isskrape, kost, spade, kjettingar.
    • Dersom du brukar brillor: hav gamlebrillorne liggjande i hanskerommet i eit stødig etui.
  • Legg aviser under golvmattene, og under matta i bagasjerommet, og byt deim ut ofte. (Gjerne etter kvar gong bilen hev vore utsett for myket vatn.)



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional