Um dette er ditt fyrste
CX-kjøp er det lurt å ha med ein
CX-kjennar. Men ikkje vent at han skal finna alle feili.
Ha ogso med:
- Biltilsynet sitt skjema for eigarskifte.
- Pengar.
- Arbeidshanskar.
- Eingongs vinylhanskar.
- Sitjeunderlag.
- Lykt med kraftig ljos.
- Litt verktøy.
- Prøveskilt eller tilhengar for frakt av bil.
(Um bilen er avskilta og du er nokso sikker på kjøp.)
|
|
Um du med ein gong ser at du ikkje vil ha bilen: avslutt der og då slik at du ikkje kastar vekk seljar si tid.
(Dersom du då ikkje veit um nokon andre som kunne tenkja seg bilen. Sei i sofall til seljaren som det er.)
- Prøvekøyr bilen.
- Få seljaren til å starta og sjå på eksosen.
- Um det er dårleg fjøring treng ikkje det bety so mykje, då det sannsynlegvis
berre er snakk um å skifta fjøringskulene.
- Kontroller at rattet går attende til midtstillingen når du slepper det.
- Kontroller at bilen gjeng beint.
- Høyr etter um motoren fuskar og kjenn etter um han hev tilstrekkeleg drag.
- Prøv alle gear.
- Kontroller um clutchen er sliten.
- Kjenn etter um ljosbrytaren blir varm.
- Kjenn etter vibrasjonar.
- Høyr etter ulydar.
- Motoren:
- Sjå etter um det er gråkvitt belegg på undersida av oljepåfyllingsloket.
(Betyr skifting av toppakning, og kanskje ogso topp.)
- Sjå etter lekkasjar.
- Sjå etter um bakhjulene er kalvbeinte.
- Tak på arbeidshanskar og jekk upp bilen.
- Bend på hjulene med hendene plassert klokka 9 og 3 (her skal det framme vera
ein ørliten slark, men det skal ikkje koma klakkelyd), og klokka 12 og 6.
- Lyft hjulene upp og ned.
- Snurr på bakhjulene.
- Sjå etter rust. (Hav med ei kraftig lykt og eit sitjeunderlag som du kann plassera
knei på når du skal sjå under bilen. Hugs ogso å sjå under dørene og under bakluka/loket.)
- Um motoren har turbo: snurr turboen rundt med fingrane for å kjenna um han gjeng lett.
|
|
Undersøk um det er heftelsar på bilen.
Ver sikker på at vedkomande du kjøper av er rette eigar.
(Be um å få sjå legimitasjon og kontroller at same namnet står i vognkortet.)
Um det er skilt på bilen:
- Undersøk um
årsavgift
for inneverande år er betalt.
- Du må ordna forsikring på bilen fyre henting.
|
|