Framsida
Diverse
VARSELTREKANT
Riksmål English

Under CX
... Ja, det er folk som hev vorte klemde i hel under sin Citroën...

Varseltrekant


Varseltrekanten advarer deg mot å utføra dette arbeidet sjølv, dersom du ikkje føler deg 100% kompetent.

Fær du andre til å gjera det, må du ikkje berre tru, men vera heilt sikker på at dei kann utføra arbeidet på ein fullt ut forsvarleg måte. Dette gjeld både verkstader og privatpersonar.

V I K T I G

Når du skal under bilen —
A L L T I D
sikra med fire bukkar
(bilen KANN siga ned
veldig fort)
OG bruk vernebriller!

Pass ogso på at bilen stend på heilt flatt underlag.

Jekkpunkt

Jekkpunkt
Jekkpunkt

Jekkpunkt
Teikningane er lånt frå servicemanualen til Citroën CX

Bukkar

• CX'en er veldig framtung, avdi motoren er plassert heilt fram i fronten.

Um du plasserer 4 bukkar under jekkfesti, kann bilen tippa framyver og gå på nasen! Dette gjeld spesielt berline med 2,5 liters motor. Dei fremste bukkane må difor plasserast lenger framme.

Og spesielt ved bruk av løftebukk må ALDRI dei fremste jekkfesti nyttast.

• Legg alltid nokot mjukt millom bukken og bilen. T.d. ein treklosse.

Rampar

Skal du ha bakhjulene på rampar, må rampane sikrast, slik at dei ikkje kann gli når du ryggar uppå. Bruk t.d. tvo fjøler mot ein vegg.
Skal du uppå med framhjulene, gjeng det vanlevis bra um rampane stend lause.

Ikkje stol på rampane: dei kann kollapsa. Bruk difor alltid tvo bukkar (ekstra høge) til sikring.

Tryggleik

Når du reparerer på bilen, tenk heile tida tryggleik.

Når du gjeng frå arbeidet, pass då på at det ikkje ligg ting som ungar eller dyr kann skada seg på. Trekk ut støypsel, tak ut bor frå boremaskiner, fjern sagblad frå elektriske sager, gøyma vinkelsliparen etc.

Hendene

Unngå å få skader på hendene: bruk hanskar. Til grove operasjonar: vanlege arbeidshanskar. Til småputl: montørhanskar eller eingongs vinylhanskar (um vinteren tunne fingervottar med vinylhanskar utanpå).
Um du ikkje vil bruka hanskar, bør du smyrja hendene godt inn med ein feit krem eller matolje fyrr du startar arbeidet, då vil ikkje olje og ureinheiter setja seg so godt fast.

Sveising                                                    

Pass på at du ikkje blir "sveiseblind".
Pass ogso på andre menneske og dyr i nærleiken: set upp ein skjerm millom deim og sveisearbeidet.

Pass på å ikkje brenna deg: sveisearbeidet er farleg heitt lenge etter at du er ferdig med å sveisa.

Vinkelslipar                                                    

Bruk kraftige hanskar, vernebriller og høyrselsvern.
Når du legge frå deg vinkelsliparen må du alltid leggja han med skiva vendande upp.

Brandfare
Pass på kvar gneistane hamnar.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional