Framsida
Diverse
RUSTFJERNING
Riksmål


RUST
—  brand utan eld...                                                        


På lakkerte flater

  1. Skrap/puss vekk all synleg rust.
  2. Vask med whitespirit og turk godt. Ikkje tak burti med fingrane.
  3. Ha på rusthindrande grunning.
  4. Ha på sparkel og puss med våtslipepapir og vatn. Vatnet kann vera iblanda litt vaskemiddel (utan voks).
  5. Ha på rusthindrande grunning.
  6. Ha på lakk. Evt. klarlakk på toppen.
  7. Poler. (Du kann bruka voks med slipemiddel for å få ekstra fin yverflate, men i sofall må lakken få herda ei veke fyrst.)

På undersida av bilen

  1. Skrap/blås vekk all laus rust.
  2. Turk godt og lenge.
  3. Sprøyt på rikeleg med Owatrol el.l.
  4. Ha på bengalakk/emaljelakk iblanda 25% Owatrol el.l.
  5. Ha på tjukk understellsmasse.

I kanalar

  1. Tak ut gummiproppane og turk godt og lenge.
  2. Sprut inn Owatrol el.l.
  3. Sprut inn holromsmasse.

Rusthol

Små og millomstore hol kann sparklast, men hugs å bruka armering (metallnett eller glasfibernett).
Større hol må sveisast, eller du kann lima fast metallplater med Sikaflex (dersom dette ikkje går ut yver styrken på bilen).


NB! Ikkje ha nokot på eksosanlegget (brandfare) eller bremsene.

• Bruk hanskar og vernebriller.

• Her er ein litt spesiell måte å fjerna rust på:
Side 1   Side 2




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional