Framsida
Diverse
VASK
Riksmål

Vask

  Vask bilen ofte. Ventar du for lenge millom kvar gong, blir det mykje tyngre å ta att, spesielt på nedre del av dørene.


• Bilen må ikkje stå i soli når du vaskar.

Vanleg vask                                                                                          

  • Spyl bilen.
  • Fyll opp tvo store bytter med passeleg heitt vatn og ha uppi litt bilshampo i den eine (bytta med vatn er til å skola av vaskehansken/kosten).
  • Vask med vaskehanske eller kost (ikkje svamp).
  • Ta ei halv sitron og gni over frontruta.
  • Spyl godt.
  • Turk vekk vassrestane med ein stor microfiberklut.                                           

Car Wash

Storvask                                                                                          

  • Spyl bilen.
  • Sprut på avfeitting og vent litt.
  • Spyl godt.
  • Spyl hjulhusi (bruk oppvaskkost forsiktig til å løysa fastgrodd grus og grums) og undersida av bilen (IKKJE bruk høgtrykksspylar).
  • Fyll upp tvo store bytter med passeleg heitt vatn og ha uppi uppvaskmiddel i den eine.
  • Vask grundig med vaskehanske eller kost (ikkje svamp).
  • Ta ei halv sitron og gni over frontruta.
  • Spyl godt.
  • Vask inni døropningane.
  • Turk vekk vassrestane med ein stor microfiberklut.
  • Vent til alt er turt.
  • Ha på silikon på alle gummi- og plastdetaljar (viktig at dette blir gjort fyrr poleringi).
  • Poler lakken (ogso inni døropningane).
  • Ha på lakkforseglar.

• Dersom du ikkje polerer med éin gong etter bruk av avfeitting og uppvaskmiddel, vil lakken kunna ta skade.

• Spyling av hjulhusi og under bilen er best etter ein lang køyretur i ausande regnevêr.

Motorvask                                                                                          

  • Motoren må vera kald eller lunken, ikkje heit.
  • Dekk dynamoen, luftinntaket til motoren og eventuell fordelar med plast.
  • Spyl motoren (IKKJE høgtrykksspylar).
  • Sprut på avfeitting og vent litt.
  • Bruk div. kostar (uppvaskkost, radiatorkost, tannkost etc.) duppa i avfeittingsvæske og gå laus på alle krikar og krokar (VERNEBRILLER).
  • Spyl godt (IKKJE høgtrykksspylar). Ikkje få vatn uppi hydraulikktanken og ikkje få for mykje vatn yvst på torpedoveggen.
  • Turk vekk vassrestane med ein klut og vent til alt er turt.
  • Ha silikon på alle plast- og gummidetaljar.
  • Ha syrefritt feitt/kontaktspray på elektriske kontaktar.
  • Poler lakkyverflatene.

NB! Hugs å fjerna plasten! (Dynamo, luftinntak etc.)

• Dersom du høyrer det kokar/syder/boblar etter du er ferdig med å spyla, kann det vera avdi det hev kome vatn inn i eit relé.
Lokaliser reléet, dra utor leidningane, og monter nytt (hugs Vaselin el.l. på kontaktane).

• Dersom du vel å bruka bilshampo, såpe el.l. må du IKKJE få det på eller i nærleiken av drivreimene. Dei vil byrja å slura nokot forferdeleg.

Inni

  • Ta ut mattene og vask/støvsug deim.
  • Støvsug inni bilen og i bagasjerommet.
  • Vask rutene med ein godt oppvridd microfiberklut. Ver spesielt nøye med frontruta.
  • Turk over interiøret med ein godt oppvridd klut (ikkje microfiber).




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional