Framsida
Fjøring
FRAMME
Riksmål English

Problem

Dårleg eller manglande fjøring framme.

Kontroll

Start bilen og lat honom vera i normalhøgd.
Fat hjørna av støyt­fangaren og lyft opp. Du skal no utan alt for store anstrengelsar kunna lyfta fronten 20-25cm. (Eller få naboen til å gjera det, slik at du ikkje skadar ryggen..;)
Gjer det same på den andre sida.

Skifting av fjøringskuler framme

Kule Kule
  1. Start bilen og vent til han hev heist seg opp. Slå av motoren.
  2. På vinstre side: Kopla frå leidningane til ryggeljosbrytaren og lyft opp leidningbunten (du må kanskje ogso skru laust eine hornet).
  3. På høgre side: Løys dei tvo skruane som held dieselfilteret, kopla frå leidningane, lyft opp heile dingsen og legg honom varsamt burt til reservehjuli.
  4. Løys kulene nokre cm med ei oljefiltertong. [Du kann i staden slå eit lite hakk i kulene med hammar og meisel, setja meiselen i hakket og banka til kulene hev skrudd seg opp 1-2cm. MEN — hugs at kulene inneheld gass under trykk: sprikk dei blir det katastrofe!]
  5. Senk bilen til nedste stillingen.
  6. Kjenn etter om kulene er lause (eller rettare sagt festet til kulene); dei skal kunna bikkast litt fram og attende. Sit dei fast, kann du ta ein garasjejekk inn under fronten på bilen og heisa honom litt opp. Då bør dei losna.
  7. Skru av kulene med hendene. Bruk gummihanskar for å få betre grep.
  8. Ta ut dei gamle pakningane, ha LHM på dei nye, og press deim godt på plass (ikkje på kulene, men der kulene skal skruast på plass).
  9. Smỳr eit tunt lag med mineralgrease på kontaktflatene på kulene og skru deim på plass. Stram so godt du klarar berre med hendene, ikkje bruk hjelpemiddel.
  10. Legg på plass att leidningbunten og kopla til ryggeljosbrytaren.
  11. Set på plass att dieselfilteret og kopla til leidningane.

Vanskeleg?

Nei, dette er relativt enkelt. Men problem kann oppstå om ein eller annan fjomp hev skrudd fast dei gamle kulene med tong...

NB! Hugs vernebriller!




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional