Vinter
VINTEREN kann by på mange utfordringar, ogso for ein CX.
CX'en er god til å ta seg fram på vinterføre, av di han hev
trekk på framhjulene, og hev prosentvis mykje vekt på desse.
Sameleis kann han heva seg yver snøen (terrengstilling).
Men: um det lavsnøar blaut snø, kann det bli balasamt. Friskluftinntaket snøar att, slik at frontruta byrjar dogga.
Det byggjer seg upp snø under vindaugsviskaren. Og lyktene kann bli dekka av snø (ikkje kjekt i myrkni).
CX'en kann ogso vera skummel på sporete og sørpete veg, avdi bakhjulene
sit tettare saman enn framhjulene. Bakenden kann spretta sidelengs som eit skot,
spesielt um lageri på upphengsarmane er dårlege.
(Då er det inn med clutchen i full fart og lynkjapp korrigering med rattet!)
Av denne grunn burde du kanskje ha beste dekki
(piggdekk, naturlegvis) bak um vinteren. Men
på den andre sida vil dette kunna gje lenger stoppstrekning, spinning i motbakkar,
og du vil kanskje gå beint i svingane. Det beste er um alle dekki
er like gode, so slepp du ta stilling til problemet. Men som konklusjon: ALLTID beste dekki framme, sumar som vinter!
Når du køyrer på såpeglatt is, og merkar at bakenden brått går sidelengs
i svingen (yverstyrer), må du gje gass, ikkje bremsa!
Og MÅ du bremsa, bør du pumpebremsa (um du ikkje hev ABS) medan du korrigerer med rattet. Og for all del ikkje stivna
til, då går det gale!
Slapp av (er so enkelt at;). For å unngå å koma i denne situasjonen, passar du på å sakka
ned til høveleg fart FYRR svingen, og so gjev
du litt gass slik at du dreg deg forsiktigt gjennum.
Fær du derimot det motsette problemet, at bilen prøver å gå beint i svingen (understyrer),
trør du inn clutchen medan du bremsar FORSIKTIG, slik
at det blir meir vikt på framhjulene.
Bremsene dine er naturlegvis i PERFEKT stand, med EKSAKT lik bremsevirkning på båe sider! (Eller...?)
|