Attende
Diverse
HJUL PÅ VILLE VEGAR
Riksmål


Hjul på ville vegar

Blomar

DET VAR VEL rundt 1996: eg gjekk i tankar um å skifta ut Pallasen med ein break. Gear­kassen i Pallasen var byrja laga eit fæla spetakkel, og eg hadde hug på meir plass. For barne­vogni var tung­vindt å fenga inni, ho måtte fyrst klappast flat, og so måtte hjulene av. Og det vart ogso mykje anna pikkpakk å dragsa på når ein hadde småe.

--
Prøveturen
Ein lokal for­handlar hadde ein 86-modell ståande, og jonsok­afta skulde me prøve­køyra. Me trilla barnevogni rett inni, og la avgarde heile familien. Men det var ikkje lenge fyrr me tykte det vart ein merkeleg vibrasjon i bilen. Og so, i det me køyrde forbi ein treg bubil i ein slakk og yver­sikteleg høgre­sving, fekk me sjå ei hjul fara sprettande langt burtetter ei slåtte­mark. Bilen vart brått svært låg på vinstre sida framme, og det kom ein fælsleg gneista­sprut. I staden for å bremsa ned, valde eg å fort­setja, og svinga meg inn på ein sideveg til vinstre litt lenger framme. Då hadde CX'en sakka farten so mykje at han stoppa av seg sjølv.
--Ut for å inspisera, og heilt korrekt; inkje framhjul, men derimot ei heilt nedslipt bremseskive! (Ho hadde gjort jobben, nemleg bremsa ned farten… )


--Rett etterpå kom det ein i full fart fyr å hjelpa til. Han hadde sét det heile frå verandaen sin, og hadde nok fenge etter­middags­kaffien i vrang­strupa. I bilen hadde han tvo låge jekkar, og med hjelp av deim fekk me heist upp CX'en. Me fann rikeleg med hjul­boltar uppi reserve­hjuli, og fekk framhjuli på plass att.
--Medan me dreiv på, kom bubilen tuslande attende. Han keik fælt, og so køyrde han att.
--Me takka hjelpes­mannen so mykje, og so bar det i sakte fart attende til for­handlaren. Der vart det til å lessa barne­vogn og diverse pikk­pakk attende i Pallasen (som no virka ekstra trong), og gjeva seg avgarde til jonsok­feiring att.
--
Kvifor losna hjuli?
På vår­parten hadde for­hand­laren skifta til sumar­dekk, men ikkje funne hjul­boltane til desse (lettmetall­felgar), og sett i dei alt for korte boltane som stod i stål­felgane. I tillegg mangla det tvo boltar, so dei hadde sett i berre fire i kvar fram­hjul. Måtte jo gå gale. I ein vanleg bil vilde ein kjent vibra­sjonane i rattet, men det gjer ein jo ikkje på ein CX!
--Eg kjøpte breaken, og var godt nøgd med den (sjølv um det var serie tvo;). Men i byrjingi måtte eg stendig ut for å kontrollera at hjul­boltane sat fast (for kona tykte rett som det var at eitt eller anna byrja vibrera…. ).


* * *



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional