Framsida
Bakaksling
SMỲRJENIPLAR
Riksmål English


Problem

Lageri på bakhjulsopphenget kann vera i ferd med å bli øydelagde.


• For å hindra vidare øydeleggjing, eller som reint fyrebyggjande, er det lurt å pumpa inn grease.
• Etterfyll med grease tvo gonger i året.

Montering av smỳrjeniplar

Smỳrjenippel

Jekk upp bakenden og set bilen på bukkar. Ta av bakhjulene, og lat høgdereguleringen bli ståande på høgaste stillingen.

Bor hol (ha grease på boren), lag gjenger, og monter smỳrjeniplar.

Pump inn grease (av beste kvalitet). Viktig: Pump med rolege rørsler (slik at lufti fær tid til å sleppa ut), og stopp med ein gong det blir veldig tungt å pumpa (det skjer brått).

Lager
Teikningane er lånt frå delelista til Citroën CX



Smørjenippel Smørjenippel Det einaste som går an å koma til med her, når du skal laga gjenger, er skralle.

Skru smỳrjeniplane varsamt på plass, slik at gjengene ikkje blir øydelagde.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional