Bilproduksjonen startar
med fine, men elles relativt vanlege bilar
1919
Etter krigen gjer Citroën bombefabrikken um til bilfabrikk,
der han byggjer heilt ferdige bilar, klare til bruk. Med sjølvstartar, lykter, panser, komplett reservehjul osb.
10 HP Type A Citroën ser dagens ljos. Den fyrste masseproduserte bilen i Europa, og til ein uvanleg låg pris.
A-modellen blir produsert i tvo-tri år, i ti ulike modellar. Motoren er firesylindra, 1327 cm³, og yter attan hestar ved 2100 omdreiningar.
Toppfarten er rundt 65 km/t. Det blir produsert totalt 24.093 bilar av denne modellen.
Traktor. Det blir i eit års tid produsert ca. 500 traktorar med stålhjuler. Motoren er den same som i A-modellen.
1920
Type A Sport. Kraftigare motor (1452 cm³, 22 hk ved 2100 omdreiningar) med toppfart på 75 km/t.
1921
B2 erstattar Type A. Same motoren som i Type A Sport, men med litt redusert effekt (tjuge hk ved 2100 omdreiningar) og toppfart 72 km/t.
1922
B2 Caddy. 22 hk ved 2100 omdreiningar og toppfart 90 km/t.
Baker og Norman. B2-varebilar med 1,4 m langt og 1,2 m høgt lasterom.
5CV Type C. Denne modellen er so enkel og greid å
hava med å gjera, at han blir damernes bil. Blir kalla "den vetle sitrona" ettersom dei fleste hev sitrongul lakk.
Citroën brukar enormt med midlar på reklame,
millom anna fær han laga 150.000 vegaskilt med Citroën-namnet og -emblemet på,
og desse blir sette upp yver heile Frankrike.
1923
Citroën byrjar produsera store mengder leikebilar, naturlegvis
tru kopiar av dei store Citroënane. Den fyrste er le Torpédo B2 10 HP.
Dei fyrste ordi ungarne skal lera seg, er Mama, Papa og Citroën!
1924
B10 erstattar B2. Det er mykje same bilen, men no heilt i metall.
1925
B12, med bremser på alle fire hjuli.
Citroën kjøper Automobiles Mors. Og det er slutten fyr dette merket.
1926
B14 og B15.
1927
B14F, B14G og B18.
1928
B14G Caddy, C4 og C6. C6 er
fyrste Citroën med sekssylindra motor.
1929
C6E, C6F og C61. C61 er lastebil.
1931
C6 CGL, luksusmodell.
1931
C4G og C6G, båe med mjuke motorfester, for å redusera vibrasjonar.
|