Framsida
Diverse
VINTER
Riksmål


Snøggkjettingar NB! Pass på at du kjøper rett storleik.

Her kann du sjå montering av snøggkjettingar.

Snøggkjettingar

Snøgg­kjettingar er greie å ty til når du hev problem med å koma upp glatte bakkar. Men under særs vanskelege høve er nok pigg­kjettingar best. Bur du på ein bratt plass, er det best å ha båe typar liggjande i bilen. Skal du då køyra nedyver ein morgon det er blanke svedlet, kann du setja pigg­kjettingane på fram­hjulene, og eine snøgg­kjettingen på vinstre bakhjul (um du fær plass, og utan å setja på att skjermen).

  Montering:

  1. Heis bilen opp i øverste stilling. Pass på at han ikkje kann gli bakover, set evt. bak­enden mot ein snø­kant.
  2. Sop vekk evt. snø rundt dekket.
  3. Stikk den stive delen rundt dekket nede, trekk endane opp på båe sider og kopla saman.
  4. Hekt saman lekkjene oppe.
  5. Trekk opp og innover.
  6. Ta den lange lekkja og kopla saman nede.
  7. Set bilen i normal køyre­stilling.
  8. Køyr 50 – 100 meter og etter­stram.

  Demontering:

  1. Stogg med kjettingane i omtrent same stillingen som då du sette deim på.
  2. Heis bilen opp i øverste stilling.
  3. Hekt laus kjettingane.
  4. Set bilen i normal køyrestilling.
  5. Køyr litt framover eller bakover.
  6. Legg kjettingane i ein plastpose slik at det ikkje blir blautt i bilen.
  7. Ved fyrste høve: Vask kjettingane i heitt vatn og heng deim til turk.
  8. Legg deim attende i bilen med ein gong dei er turre.

• Bruk deim berre når du må, og ikkje køyr fortare enn 50 km/t.

• Kjettingane er gode på is so lenge dei er relativt nye, men dårlege når dei blir slitne.

• Pass på at du har med ein ekstra gummi­strammar.


Som me ser her er desse kjettingane litt for store, men ved å stramma på denne måten går det likevel.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional