Framsida
Diverse
VINTER
Riksmål


• Skal du bruka kjettingane berre fyr korte strekningar, er det greit med lekkjer som sit med litt av­stand. Men skal du køyra langt og ofte med kjettingar, må du ha kjettingar med tett­sitjande lekkjer, då slepp du at bilen rister.

• Kjettingane er tunge og MÅ plasserast på ein trygg måte i bilen.

Piggkjettingar

Piggkjettingar er best under særdeles vanskelege høve, men meir plundrete å leggja på enn snøggkjettingar.

Montering:

  1. Heis bilen upp i yverste stilling.
  2. Sop vekk evt. snø.
  3. Legg kjettingane oppå hjulene med kjettinglåsen mot deg. Pass på at piggane vender utover. Dra enden på kjettingane innåt/­under hjulene i bakkant.
  4. Lat bilen trilla litt bakover.
  5. Hekt saman kjettingane på innsida.
  6. Hekt saman på utsida og lås kjettinglåsane.
  7. Lat bilen trilla bakover slik at hjulene går rundt ein omdreining.
  8. Etterstram kjettingane um det går (ved å hekta deim strammare saman). Fær du no lause lekkjer må du bitta deim fast med strips el.l., slik at dei ikkje sler burti skjermane.
  9. Fest kjettingstrammarane.
  10. Still bilen på normal køyrehøgde.

Demontering:

  1. Heis bilen upp i yverste stilling.
  2. Ta av kjettingstrammarane.
  3. Opna kjettinglåsane, hekt deim utor og lås deim att, slik at dei heng fast i eine enden av kjettingane.
  4. Hekt av på innsida.
  5. Still bilen på normal køyrehøgd.
  6. Køyr litt fram, slik at kjettingane kjem fri frå hjulene.
  7. Rist av evt. snø og legg deim i ein plastpose, slik at det ikkje blir blautt i bilen. Vask deim i heitt vatn og heng deim til turk ved fyrste høve.
  8. Legg kjettingane attende i bilen so snart dei er turre.

Kjettinglås Kjettinglåsar.

Kjettinglås Hev du mysst ein kjetting­lås kann du bruka tvo krokar frå kjetting­strammarane. Fest gjerne ein strips rundt krokane (men då må du ha avbitar i bilen slik at du får kjettingane av att).

Kjettingstrammar • Dersom kjetting­strammarane er gamle og morkne må du skaffa deg nye (gjerne fire stykker, slik at du kann ha tvo på kvar hjul).




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional