Framsida
Diverse
VINTER
Riksmål


Kva du bør ha med i bilen


Ein del ting er det sjølsagt å ha med seg heile året, som vognkort, varseltrekant, refleksvest, skademeldingsskjema, penn, mobiltelefon, våtserviettar, brannsløkkjar, fyrstehjelpsutstyr, mynter til parkering etc. Samt verktøy, pumpe, startkablar, reserve LHM, olje, frostvæske etc.
Brillebrukarar må ha gamlebrillene liggjande i hanskerommet i eit stødig etui.

Kva du i tillegg må ha med um vinteren

  • Pledd (eitt til kvar passasjer).
  • Varmedress (til den som må ut og ordna opp).
  • Hovudlykt (diodelykt) pluss ekstra batteri.
  • Tunne fingervottar pluss eingongs vinylhanskar.
  • Vinterfora arbeidshanskar.
  • Kjettingar.
  • Spade.
  • Isskrape og kost.
  • Slepetog.
  • Sand, eller kanskje enno betre: Ice-Crust.

Ikkje heilt naudsynt kanskje, men...

  • Ein liten handvinsj og ekstra slepetog.
  • Sag (av den typen som ligg samanrulla uppi ein liten rund boks).
  • Naudproviant (kjeks).
  • Drikkevatn.

Um du skal yver ein fjellyvergang i dårleg vêr...

  • Full tank.
  • Soveposar til alle.
  • Talgljos (gjerne kubbeljos inni minilanterne) pluss fyrstikker. (Hugs at skumplasten i seti er ekstremt brennbar!)
  • Rikeleg med mat og drikke.
  • Kjøkenrull.
  • Våtserviettar.
  • Toalettpapir.


  Ein slik dings som du vaskar vindauge med er fin til å yta kramsnø av bilen, spesielt på breaken. Riv vekk skumplastdelen og set nedi ei plastplate slik som her.
  (Men um du hev veldig fin lakk, bør du vel kanskje halda deg til ein kost med langt skaft.)
  Eller Biltema sin.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional