Monter øvre feste til motoren. Den andre enden av festet skal no liggja inn i
beslaget utan å pressa det til ei av sidene. Fyll upp med stoppskiver. (Um du ikkje
fyller tett upp med stoppskiver, vil du deformera beslaget når du strammar muttaren.)
Dersom festet ikkje går greitt inn i beslaget må festet ved gearkassen løysast,
og nedre feste justerast. Juster deretter med stoppskiver på festet ved gearkassen, og stram det.
|