Framsida
Diverse
Fastrusta boltar
Riksmål

FASTRUSTA BOLTAR
                                                       

CX'en byrjar etter kvart å fenga nokre år på seg; fastrusta boltar vil dermed bli eit større og større problem. Det kann difor vera lurt å taka ut alle boltar du kann koma til, reingjera og smyrja deim, og skru deim på plass att med rett moment. (Men du risikerer sjølvsagt å bryta av boltar, og i verste fall gjera bilen ikkje-køyrande:(
Boltar kann ogso sitja fast avdi dei er for hardt stramma. (Kann ogso sitja utruleg hardt um dei er links, men so vidt eg veit finst det ikkje nokon slike på CX'en;) Og enkelte muttarar kann vera sveist fast; nyttar ikkje prøva å løysa desse.

Nedanfor finn du ymse meir eller minder bra forslag til korleis du kann løysa boltar som sit fast; men hugs på ein ting: Du må ikkje skada deg – bruk arbeidshanskar og vernebriller.

UPPVARMING                                  

Varm bolten kraftigt upp, vent til han kjølnar att, og skru laus.

Du kann sveisa fast ein stor muttar til hovudet på bolten (tre innpå ei stoppskive fyrst). Ogso her må du venta til bolten er heilt kald att fyrr du skrur.
Evt. sveis fast stoppskiva (må ha større ytterdiameter enn muttaren) fyrst, og sveis deretter fast muttaren både i bolten og stoppskiva.

RUSTLØYSAR                                  

Skrap vekk laus rust, hav på rustløysar, vent ei stund, og skru laus.

BOLTEN RYK

— kvifor?

                                                       

— Jo, avdi du VRIR honom av! Du må ikkje vri dersom bolten sit fast, men slå. Kjenner du at ein bolt sit hardt fast, må du slå på handtaket med ein tung hammar. (Slå gjerne nokre gonger på sjølve bolten fyrst med ein messinghammar.) Om hovudet på bolten er slite, slik at pipa blir for romsleg, kann du prøva å banka på ei trong pipe i tommar.

BOLTEN RYK

— kva gjer du no?

                                                       

• Bor nytt hol og lag gjenger.
• Sag eit spor og bruk ein flat skrutrekkar (fungerer sannsynlegvis ikkje).
• Bygg upp fleire lag ved sveising til du hev nok feste til å sveisa fast ein muttar.

ANDRE TIPS
                                                       

• Hav for vane å stramma til litt fyrr du løyser.
• Um du fær løyst bolten berre litt, kann du skru honom inn og ut. Han kjem vanlegvis litt lenger ut for kvar gong.
• Um du kjem-til enden av bolten, kann du prøva å reingjera litt og spruta på tunn olje der fyrr du byrjar å skru.
• Sag hovudet av bolten, bor upp og lag nye gjenger.

REINGJERING — SMYRJING
                                                       

Reingjer alltid gjengene fyrr du skrur ein bolt på plass att. Klem stålull hardt rundt bolten medan du skrur båe veger. Eller klem honom fast millom tvo stålbyrstar. Tak deretter litt grease på eit papir og fordel utyver bolten, klemm papiret rundt og skru litt utyver. På varme plassar må du smyrja med koparpasta eller aluminiumspasta, ikkje olje eller grease.

Reingjer ogso der bolten skal inn (muttaren). Tak tunn olje på ein klut og skyv honom inn so langt som det gjeng med eit flatt skruejarn. Vrid deretter skruejarnet mot klokka til det byrjar å gå tungt og skru so utyver.

Ein siste utveg er å forsiktigt gjenga upp att både bolten og muttaren. Men då må du vera HEILT SIKKER på at du brukar korrekt gjengeverktøy (same stigning på gjengene).

• Du skal alltid kunna skru ein bolt inn og ut med fingrane utan å måtta ta i.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional