Framsida
Motor
MILLOMGASS
Riksmål English

Millomgass

  1. Clutchen inn
  2. Gearspaken i fri
  3. Clutchen ut
  4. Gje gass (millomgass)
  5. Clutchen inn
  6. Gearspaken i gear

  Dette må vanlegvis gjerast rimeleg snøgt.

  Det går fint an å leva med ein usynkron gearkasse, og du slepp då ogso å låna vekk bilen. Og eg kom til å tenka på nokot eg las på denne netsida:

  «A car with a manual transmission literally needs you in a way an automatic doesn't. Like the bond that a horse and its rider form when things are in sync, you, too, will feel the pleasure of the relationship that develops between you and your manual-transmission car.»

  Han som skreiv dette skulle prøvd ein usynkron kasse; då ville han verkeleg følt at bandi vart tette.  
  Ein annan ting — når eg tek att syklistar hender det ikkje reint sjeldan at eg må geara ned, og med all denne fæla gassingi; trur dei då at eg er irritert? Kanskje skal eg rulla ned ruta når eg køyrer forbi og ropa at eg ikkje er sint?  

• Det som stend på denne sida er basert på mine erfaringar med TRD1. Kanskje vil det vera onnorleis på andre modellar.

• Synkroniseringsringane kann bli øydelagde dersom du brukar feil gearolje.

• Kanskje kann denne oljen hjelpa mot dårleg synkronisering?
Omega 690

Millomgass med kald motor

  Når du skifter frå fyrste til andre gjev du mykje millomgass og frå andre til tridje litt millomgass.

  Når du skifter nedyver gjev du mykje millomgass.

I staden for å skifta frå fyrste til andre kann du prøva å skifta direkte frå fyrste til tridje utan millomgass (du må då gje ein del gass i fyrste gear slik at bilen kjem upp i bra fart fyrr du skifter).

Millomgass med varm motor

  Når du skifter uppyver treng du ikkje gje millomgass, du berre let turtalet gå ned og gearer roleg.

  Når du skifter nedyver gjev du mykje millomgass.





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional