• Kontroller at alle dørpakningane er heile og set deim inn med silikon.
Det same gjeld bakluke/lok.
• Um det byrjar bli slitasje på vindaugshevingsmekanismene kann sideglasi gå upp litt for langt fram. Då må
du til dess du fær ordna dette gjera fylgjande når du tek upp rutene:
Med opi dør: Ta ruta nesten heilt upp, ta deretter handi over dørråma
og dra ruta hardt bakover medan du køyrer ruta heilt upp.
• Listi i bakkant av glaset i dørene hev det med å gli ned. Då blir det eit hol uppi hjørna (pil):
- Ta ned glaset.
- Dra listi utor med ei tong.
- Reingjer og kontroller for rust.
- Klem listi på plass att heilt upp i hjørna. Fest henne evt. med dubbelsidigt limband.
|