Attende
Diverse
CX—REAKSJONAR
Riksmål

Løgen bil

  For mangfoldige år sidan, den gongen eg køyrde serie 1 Pallas, hadde eg med ein haikar; ei ung sørlandsgjente.
  Då ho steig utor etter endt køyre­tur, vart ho ståande og kjika forundra att og fram på CX'en, og so sagde ho:
  —Før ein løgen bil!

Lang bil

  For ein del år sidan fekk eg sjå nokre utanlandske turistar som stod og studerte CX'en. Brått gjekk den eine burt til bak­støyt­fangaren, og so gjekk han framyver langs­etter bilen med lange stig. Skulde nok finna ut kor lang breaken var!

Spretten bakende

  Dette var då eg henta noverande CX: Det var inkje fjøring bak, og når eg slo av motoren seig han ned bak nokso fort. Når eg starta att, spratt nerast bakenden i veret.
  Då eg starta bilen att på ei ferje, kjeik eg i spegelen for å sjå korleîs bakenden uppførde seg, og la ogso med det same merke til tvo ungdomar i bilen bak. Då CX'en spratt upp vart fyrst båe tvo sitjande og gapa, og so vart det gapskratling og peiking og prating.


Humpete veg

  Då eg fekk Pallasen for godt yver tjuge år sidan, budde eg i enden av ein forferdeleg humpete veg. Hus­verten lurde felt på korleîs eg vann meg upp i ein bil som var so låg under.
  —Jo, han heiser seg upp når han køyrer, sagde eg.
  Då berre såg han løge på meg, og sa ikkje meir.
  (Det gjorde ikkje eg helder;)

Hai

  Hadde for mange år sidan ein blåsvart Pallas serie 1.
  Ein gong me skubba CX'en inn på ein verkstad (dei vilde ikkje hava eksos, må vita), kom det frå ein ung bilmekanikar:
  —Han ser jo ut som ein hai!!


Citrosengen

  Kjende eingong ei som tykte at seti i CX'en (Pallasen) var so be­hagelege, at kvar gong me skulde hava oss ein køyretur, so sagde ho:
  —Ja, nå skal vi ut og kjøre i Citrosengen!


Fastklemt

  Hadde eingong ei ung gjente som baksetepassasjer i Pallasen, og fekk høyra at ho hadde sagt etter­på:
  —Vart jo sitjande heilt fastklemt med røvi!!




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional