Framsida
Diverse
CITROËN CX
Riksmål

Citroën CX
EU-kontroll

NorÌg
Sverike
Danmark


Du må levera bilen til EU-kontroll annakvart år. Frist fyr godkjenning er utgongen av månaden tilsvarande siste sifferet i bilnummeret ditt (8 = august). Men merk at 0 = oktober og 7 = november. Du kann ogso levera inn bilen til kontroll i dei fire månadane fyrr kontrollmånaden. Og det må du nytta deg av, slik at du hev god tid til å utbetra evt. påpeika feil. Det kann til dømes vera problem å få tak i deler.

CX'en din skal vera i orden heile året, so det einaste du skal trenga gjera fyr kontrollen er:

  • Stram handbremsene.
  • Sjå etter at alle ljospærene fungerer. Gløym ikkje skiltljosi.

Etter at bilen er godkjent (hugs å få att vognkortet) må du gå inn på Vegvesenet sine sider og sjå etter at kontrollen er registrert. Der skal det då stå at bilen er godkjent og frist fyr neste kontroll.

Er ikkje bilen godkjend innan fristen, fær du tvo månader ekstra.





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional