Framsida
Diverse
CITROËN CX
Riksmål English

Citroën CX
Kort framstilling
 

CX finst hovudsakeleg i tri variantar.

  1. Berline. Dette er den vanlege personbilen. 4 dører, og bagasjerom som er heilt adskilt frå kupéen.
  2. Prestige (bensin) og Limousine (diesel) er lenger (like lange som Break) med tilsvarande betre plass for føtene til baksetepassasjerane. Ogso høgare under taket (som i break) og meir luksuriøse inni.
  3. Break. Varebil, stasjonsvogn og 8-setar (Familiale).

Motoren og hjulupphenget er montert på hjelperåme. Motoren (kun rekkjefirar) er tverrstilt og plassert framfyr framakslingen. 2,0 til 2,5 liter; både bensin og diesel. 2,5 (bensin og diesel) ogso med turbo. Drift og handbremser på framhjulene. Hydraulikk på fylgjande:

  • Fjøring. Automatisk nivåregulering både framme og bak, og luftfjøring (nitrogen).
  • Bremser. Meget kraftig bremsevirkning, og bremsepedal mest utan vandring.
  • Styring. Diravi: ekte servo utan mekanisk yverføring, 2,5 omdreiningar millom fulle rattutslag og automatisk retur til midtstilling.

Kun ein vindaugsviskar som sveipar yver heile frontruta, med spyling innebygd i viskaren (på dei tidlegaste modellane var der spyledyser på panseret). Skjermar som dekker bakhjulene (desse må takast av ved hjulskift). Reservehjuli i motorrommet. Tenningslåsen på vinstre side av rattet, og alle dei viktigaste brytarane plassert slik at dei kann nåast utan å fjerna hendene frå rattet. Badevekt-instrument (vanlege instrument på GTI Turbo og på alle CX2). Spakar for varme og ventilasjon millom seti (lenger framme på CX2). Spak millom seti for å regulera køyrehøgdi (normal og terreng, pluss heilt uppe og heilt nede) (elektrisk brytar på CX2).





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional