Framsida
Elektrisk
HOVUDLYKTER
Riksmål English


For å få betre ljos, og ikkje minst unngå at ljosbrytaren smeltar, kann det vera lurt å kopla ner/fjernljos via relé.

• NB! Kjenner du at ljosbrytaren byrjar bli varm, må du kopla upp relé FORT!!!

• Bruk tvo relé for kvar lykt; på den måten vil du berre mista eitt ner/fjernljos um eit relé sviktar.

• Leidningen frå batteriet må vera grov, minimum 2,5, men helst 4 kvadrat. Avstanden frå batteriet til sikringane må vera kortast råd.

• Bruk skjerma kabelsko og vaselin på alle kontaktar, og pass på å få god jording.

Rele


Skjemaet her gjeld for ei lykt.


NB! Når du skal kopla relé må du fylgja koplingsskjemaet på reléi.


Feil

Det er svarte natti, og du køyrer i 80-90. Kva skjer då um det brått oppstår feil med ljoset på bilen?


1. Med originalt uppsett

  • Brytaren går varm og sluttar fungera: Det blir SVART!

2. Med 2 relé og 1 sikring til båe lykter

  • Sikringen går: Du mysser ner- og fjernljos på BÅE sider. Det blir SVART!
  • Eit relé sviktar: Du mysser ner- eller fjernljos på BÅE sider.

3. Med 2 relé og 1 sikring til kvar lykt

  • Ein sikring går: Du mysser ner- og fjernljos på eine sida.
  • Eit relé sviktar: Du mysser ner- eller fjernljos på eine sida.


Sats på alternativ 3 ;)


• For å avlasta ljosbrytaren kann det kanskje vera nok å kopla upp relé berre på den eine lykti.
— Kopla upp relé på ei lykt, start bilen, sjå etter at ladelampen sloknar, og vent nokre minuttar. Mål deretter spenningstapet på båe lyktene. Er det liten skildnad, kann dette kanskje vera tilstrekkeleg. Men er det stor skildnad, må du kopla relé på båe lyktene, heldest vil dei lysa med ulik styrke.

Spenningstap






Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional