Dersom sentrallåsen, dei elektrisk vindaugsheisane eller høgtalarane
byrjar å fuska eller sluttar å virka,
kann dette skuldast knekte leidningar i dørgjennomføringen.
I sofall må du skifta ut deim som er skada/øydelagde, eller helst alle.
Dette kann fyrst sjå ut til å vera
håplaust vanskeleg, men det let seg gjera.
Fyrst må du fjerna den innvendige dørsida og kartlomme/hanskerom.
Deretter må du finna leidningbunten bak
kartlomme/hanskerom, og fjerna limbandet. Du må ogso få vekk alt
limbandet som går ned i strømpen, det gjer du ved å vikla av limbandet medan du dreg det forsiktig oppor.
Deretter fjernar du limbandet på leidningane i døropningen og inni døri.
Dra fyrst utor leidningane som er av, og merk deim (kann bli problem om det er fleire like leidningar).
Kapp deretter av èin og èin leidning i døropningen, dra honom utor og merk båe endane.
Tre i nye leidningar (èin i gongen), tre på krympestrømpar, tvinn saman, lodd og krymp på strømpane
med varmluftpistol. Pass på at ALLE leidningane i døri er på rett side av skinna til vindaugsheisen!
Prøv om du fær bunta saman leidningane inni døri,
men lat leidningane i døropningen vera som dei er.
Då kann du fylgja med på om isolasjonen byrjar sprikka.
|