Framsida
Elektrisk
HOVUDLYKTER
Riksmål English

Hovudpære                                                
H4
12V
60/55W
Halogen

60/55W
60 er langljos, 55 er nerljos.

Tri greie reglar:

  1. Ha alltid tvo reservepærer liggjande i bilen.
  2. Når ei pære ryk, skifter du båe, og beheld den som var i orden som reservepære til dess du fær kjøpt tvo nye.
  3. Ikkje ta på glaset på pærene.

Du kann ogso bruka gule pærer. Dei gjev dårlegare ljos, men høver jo godt til bilen. Du kann evt. bruka deim um sumaren, då køyrer du vel ikkje so ofte i myrkni.

Ljospærer

Gule pærer                                                

Dei gule glasi kann du ta av og setja på vanlege H4-pærer sofram pærene ikkje er for lange. Det kann vera litt fiklete å få metallkragen til å hanga på den nye pæra, men det går greit om du tek deg litt tid.

  1. Bruk vinylhanskar.
  2. Det gule glaset er festa med tvo bøylar. Press den eine varsamt utover med eit lite flatt skruejarn medan du dreg av glaset.
  3. Vipp av metallkragen med eit flatt skruejarn.
  4. Prøvemonter glaset på den nye pæra for å sjå om det er nok plass (pæra må ikkje ta borti glaset).
  5. Reingjer det gule glaset på innsida (stapp inni ein microfiberklut berekna på reingjering av brillor/objektiv og bruk ein pinne el.l. til å bevega honum rundt med).
  6. Bøyg inn dei fire hakki med ein avbitar og press kragen ned på den nye pæra. Pass på at han sit stødig.
  7. Hekt det gule glaset under den eine bøylen slik at han går inn i den eine fordjupningen, press den andre forsiktig utover med eit lite flatt skruejarn medan du klemmer glaset nedpå.
  8. Reingjer glaset utvendig.

Gule glas



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional