Framsida
Elektrisk
BAKLYKTER
Riksmål English


Reingjering


  • Skru ut skruane og ta baklyktene varsamt utor.
  • Ta varsamt laus printplatene.
  • Fjern pærene.
  • Vask printkorti med raudsprit.
  • Reingjer kontaktane godt (ogso dei som leverer straum til korti).
  • Pensla heile korti, bortsett frå kontaktane og kontaktflatene til pærene, med Owatrol.
  • Set inn alle kontaktane og kontaktflatene til pærene med eit tunt lag syrefritt feitt.
  • Turk av pærene og set deim i att. (Dei tri øvste 21W og den nedste 5W.)
  • Monter varsamt printkorti på plass att.
  • Set baklyktene på plass og skru deim fast (ikkje for hardt).
  • Kontroller at alle pærene fungerer.


• Det er ofte rusta hol i rommi der bakljosi sit, slik at dei er fulle av sand og elende. Skrap vekk laus rust og sprut på Owatrol. Tett evt. hol.


Dårleg kontakt


   Har du dårleg eller inkje kontakt i ei pære, kann dette skuldast at straumen ikkje kjem seg forbi A (du kann kjenna med ein finger: blir det heitt der, er der dårleg kontakt).
   Set i sofall i ein leidning frå undersida opp gjennom B og eit eksisterande hol eller eitt som du borar opp, og lodd endane fast (skrap reint med kniv der det skal loddast).
   Klikk på bileti for å sjå nærare.
   Kopla til printkorti, set straum på og kontroller om der er spenningstap på nokon av pæresoklane.







Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional