Framsida
Elektrisk
KUPÉVIFTE
Riksmål English


Kupévifta fungerer ikkje

Kupévifta med avteke deksel.

Snødeksel Må du køyra utan fungerande kupévifte kann det vera hjelp i å setja på eit snødeksel eller sokalla "scoop" frampå friskluftinntaket (so lenge det ikkje snøar).


Viftehendel   Dersom kupévifta sluttar å fungera, kann det vera avdi leidningen til hendelen som regulerer farten på vifta har roke av. For å kontrollera dette kann du gjera fylgjande: ta ut reservehjuli, skru av loket på vifta og dra av leidningane. Set hendelen for vifta på fullt, set på tenningen og mål millom minus på batteriet og plussleidningen til vifta. Fær du no ca 12 V betyr det at vifta fær straum. Mål deretter motstanden millom minus på batteriet og minusleidningen til vifta. Fær du no ikkje utslag, betyr det at du må ta ut passasjersetet, demontera midtkonsollen (den millom seti) og setja på ny leidning på hendelen til vifta.

  Dersom du ikkje fær utslag når du måler plussleidningen til vifta, kann det vera problem med kontakten på leidningen som ligg under reservehjuli, eller sikringen kann vera defekt.

  Fær du utslag på både pluss- og minusleidningen til vifta, kann du prøva å kopla til leidningane att og snurra henne rundt litt (ikkje med fingrane!). Startar ho med dette er sannsynlegvis børstane utslitne.


Her (pil) er leidningen av.

Ny leidning påsett.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional