|
Instrumentkonsollen
Å TA UT instrumentkonsollen kann vera svært plundrete fyrste gongen du prøver.
Det viktigaste er å handtera spedometerkabelen på rett måte, og ta seg god tid.
|
|
Kontroller at alle pærene fungerer. Leit til du finn alle.
|
|
|
- Skru ut tvo skruar på undersida (ein på kvar side).
- Skru ut tvo skruar uppe i midten, og tvo uppe heilt ut på kantane.
- Ta av toppen.
- Ta av dei tvo metallbøylane.
- Kopla frå dei tri flatstikki og dei andre kontaktane.
- Bruk ein spegel og flatt skruejarn og yt spedometerkabelen (den lyseblå dingsen)
heilt av den gulgrå enden som han sit innpå. Lirk litt på honom med ein finger slik
at han ikkje hektar seg fast i kanten.
- Yt konsollen litt mot frontruta og lyft varsamt uppor.
|
|
Bruk spegel og skruejarn til å vipp av spedometer- kabelen.
|
|
|
- Pass på at dei tvo gummiputene ligg der dei skal (slik at dei kjem under
"føtene" på instrumentkonsollen).
- Vri alle kontaktane mot frontruta.
- Set konsollen forsiktigt uppi.
- Bruk spegel og flatt skruejarn og lirk spedometerkabelen inn på den gulgrå tappen, og vri og lirk til han sprett heilt innpå.
- Klem konsollen varsamt på plass slik at varsellampane kjem på rett plass.
- Kopla til dei tri flatstikki og dei andre kontaktane.
- Slå på tenningen og kontroller at alle ljos og funksjonar fungerer.
- Set på dei tvo metallbøylane.
- Legg i nokre små skumplastbitar, slik at ikkje nokot fær liggja og klirra.
- Skru på plass toppen.
|
|
|
|