Framsida
Eksteriør
FRONTRUTA
Riksmål English

Frontruta

FRONTRUTA må du alltid halda godt rein både på innsida og utsida. Det er spesielt når du køyrer mot låg sol (gjerne i kombinasjon med våt vegbane) du fær problem dersom ho er dekka av sokalla trafikkfilm. Er ho attpåtil full av riper (og det er ho sikkert;), bør du definitivt vurdera å skifta til ny.
Du er spesielt utsett om du bur på flatlandet, då kann du bli utsett for låg sol både morgon og kveld. Bur du derimot millom høge fjell, vil dette vera eit mykje mindre problem.


• Hav alltid rikeleg med spylevæske av god kvalitet, samt relativt ny vindaugsviskar.


Steinsprutskade


Fær du steinsprutskade må du med éin gong setja eit limband på skaden slik at du ikkje fær inni fukt og ureinheiter.



Skifting av frontrute                        

Varseltrekant Varseltrekant  



Du treng

  • Frontrute
  • Vindaugsviskar

Pluss

  • Avfeittingsmiddel
  • Lakkpoleringsmiddel
  • Lakkforseglar
  • Silikonstift
  • Oppvaskmiddel
  • Snor


  1. Dekk panseret med eit pledd el.l.
  2. Løys muttaren til vindaugsviskaren og vrid viskaren bort på panseret.
  3. Dra utor listi som ligg pressa inn i pakningen.
  4. Ta av plastlistene på A-stolparne (inni kupéen).
  5. Dekk til dashboardet. Pass spesielt på at ventilasjonsopningane framved ruta er godt tildekka.
  6. Varm opp pakningen inni bilen med ein hårfønar (hald heile tida fønaren i rørsle).
  7. Ver tvo stykker og set føtene mot yverste del av ruta og press henne varsamt ut.
  8. Ordna evt. rust.
  9. Reingjer med avfeittingsmiddel på ein klut.
  10. Polér.
  11. Ha på lakkforsegling.
  12. Støvsug inni pakningen der ruta hev voret, og stapp deretter inni eit turkepapir og dra det rundt.
  13. Kontroller at dei tvo dreneringsholi i pakningen er opne (nede i kvart hjørna).
  14. Bruk ein silikonstift (ein slike som du brukar til dørpakningar) og dra rundt pakningen på kupésida.
  15. Varm opp pakningen (lat honom t.d. liggja i soli ei stund).
  16. Set pakningen på den nye ruta (start nede).
  17. Smør oppvaskmiddel på kupésida av pakningen.
  18. Ta ei kraftige snor, set henne inn med oppvaskmiddel og legg henne inn i pakningen. (NB! I det bakarste sporet, ikkje dreneringssporet!) Snori kann plasserast på ulike måtar; på fabrikken avslutta dei t.d. med å dra nede. Måten eg hev gjort det på er å starta klokka tvo og føra snori med klokka ein heil omdreining, og so vidare til klokka ti.
  19. Ver tvo stykker og set ruta forsiktig på plass. Pass på at ho ikkje glir ned.
  20. Medan éin pressar forsiktig på utsida dreg den andre pakningen på plass inni kupéen (med snori). Start klokka ti og dra til klokka tvo. Ta deretter snori der og dra til klokka ti. Fortset deretter å dra i båe endane.
  21. Press listi inn i pakningen att (dette tek tid: er litt plundrete).
  22. Reingjer ruta grundig på båe sider.
  23. Set på att plastlistene på A-stolpane.
  24. Byt til ny vindaugsviskar, plasser honum bort på ruta, og skru fast.
  25. Flytt yver spegelen (dra honum uppyver for å løysa honum).


• Ny frontrute kann du bestilla på næraste skadesenter. Ho er på plass på ein dag eller tvo. (Pass på at du fær rute med korrekt fargetone.)

• Dersom gamleruta sprikk når du tek henne ut vil det koma fullt av småe glasbitar inn i kupéen. For å unngå dette kann du fyrst festa plast på innsida av ruta.

• Bruk nye monteringshanskar ved handtering av rutene.

Plateskøyt Plateskøyt Yverst på kvar side er det ein plateskøyt som du bør fylla med sparkel, slik at du ikkje fær fæle plystreljodar på eit seinare tidspunkt.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional