Framsida
Interiør
VASSLEKKASJE
Riksmål English


Under pakningen til frontruta: Rust


Dersom det blir blautt i området nedanfyr A-stolpen, kann du gå ut frå at det hev rusta hol under frontrutepakningen. Dette er eit kjedeleg problem, ettersom den einaste måten å koma til for å reparara er å ta ut frontruta.

For å finna ut um det er her lekkasjen er, kann du gjera fylgjande:

Ta upp golvteppi og turk bilen innvendig. Set limband på båe sider (inn på ruta og burt på lakken) av pakningen til frontruta heile vegen rundt (t.d. isolasjonslimband). Pass på at limbandi tettar skikkeleg. Dynk deretter bilen med vatn (t.d. ein hagespredar i ein times tid). Er bilen fortsatt turr inni etter dette, er sannsynlegvis holet under pakningen.
Du kann deretter ta av limbandi og dynka bilen på nytt: blir det no blautt inni skulde det vel vera liten tvil om kvar problemet ligg.
(Du treng vel ny frontrute uansett;)






Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional