Framsida
Eksteriør
FRONTEN
Riksmål English

Gummistopparane

Gummistoppar
Under desse kann det vera mykje rust.


  1. Skru ut dei tri bakarste boltane.
  2. Trekk ut gummistopparen.
  3. Skru laus den siste bolten.
  4. Gjeng upp dei fire påsveiste muttarane.
  5. Skrap vekk lause rust og pensla på Owatrol.
  6. Um nødvendig sveis på nytt metall.
  7. Skru metallbeslaget fast med den nest bakarste bolten.
  8. Set på gummistopparen og skru på de tvo korte boltane.
  9. Skru den bakarste bolten med beslag laust på.
  10. Juster og stramm dei tvo bakarste boltane.

Når du fyrst har av gummistopparane, bør du ogso taka av plata som sit millom desse. Garantert rikeleg med rust på baksida av denne. Ho er festa med fire boltar, i tillegg til øyrene som heng i gummistopparane.
Dei fire boltane er festa i firkanta mutterar som sit i klips. Losnar desse, tek du eit skruejarn og bender upp blekket rundt bolten slik at det blir stor nok opning til å få hovudet på bolten gjennom.
Tak ut gummilistene og set deim inn med silikon.


• Skaffa deg ein del 8mm-boltar i ulike lengder, i tilfelle du vrir av ein bolt.
I sofall borar du ut biten som sit att og lagar nye gjenger.

• Pass på å montera slepebøylane på att rette vegen.

• Sprut olje på boltane fyrr du set deim i att.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional