Framsida
Eksteriør
HJULSKIFT
Riksmål English


Hjulmutternøkkel Bruk hjulmutternøkkel av den typen som kann dragast ut til dobbel lengde.

• Gjer det til vane, kvar gong du har av hjulene, å løysa på lufteniplane. Stram dei forsiktigt til att, brems hardt, sjå etter um dei lek og set på hettene.

Stramming Stram annakvar bolt med klokka.


  1. Bilen må stå på eit heilt flatt underlag.
  2. Ha bilen i 1. gear og stram handbremsi godt.
  3. Ta av bakskjermane.
  4. Løys hjulboltane med skaftet på verktøyet uttrekt.
  5. Start bilen og set høgdereguleringen på yverste stilling. Slå av motoren når han er heilt uppe.
  6. Set jekken under fremre jekkpunkt og jekk upp til båe hjulene er upp frå bakken. Set ein bukk under bakre jekkpunkt.
  7. Ta av hjulene. Kontroller at alt er i orden (bremseklossar, rust etc.).
  8. Set på hjulene. (Reingjer hjulboltane ved å klemma deim millom ein twistdott og ein stålbørste og skru utover.) Bend og lyft på hjulene for å sjekka at det ikkje er nokot feil på opphenget. Snurr rundt bakhjuli for å kontrollera hjullageret.
  9. Ta vekk bukken og senk ned bilen.
  10. Stram hjulboltane med skaftet på verktøyet samanslege. Stramm annakvar bolt med klokka til dei sit heilt fast.
  11. Set bilen i normal køyrestilling og kontroller lufttrykket i alle 4 hjulene, pluss reservehjuli. (Kva lufttrykk du skal ha ser du på ein lapp på A-stolpen med opi førardør. Lufttrykket til reservehjuli står på sida av dekket.)
  12. Set på bakskjermane. Smỳr skruane med grease og sprut inn olje der skruane er festa.
  13. Vil du vera heilt sikker, kann du etterstramma hjulboltane etter nokre mil.

HUGS Å STRAMMA HJULBOLTANE ETTER HJULSKIFT!


• Um du ikkje hev, so skaff deg ein garasjejekk. Det lettar arbeidet mykje.
VIKTIG: Må berre brukast på hardt og plant underlag (t.d. betonggolv).

• Hev du ein god momentnøkkel, brukar du honum til å stramma hjulboltane med. Kor hardt du skal stramma er vanskeleg å gje råd um, sjølv brukar eg 110 Nm på lettmetallfelgar og 115 Nm på stålfelgar. (Det er kanskje litt mykje, i servicemanualen står det 70 – 90 Nm.)

• Hjulboltane til stålfelgar og lettmetallfelgar er vanlegvis ulikt lange.

• Dersom dekki hev rotasjonsretning må du passa på å setja hjulene på rett side av bilen.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional