Problem
Dårleg eller manglande fjøring framme.
Kontroll
Start bilen og lat honom vera i normalhøgde.
Fat hjørna av støytfangaren og lyft opp. Du skal no
utan alt for store anstrengelsar kunna lyfta fronten 20-25cm.
(Eller få naboen til å gjera det, slik at du ikkje skadar ryggen..;)
Gjer det same på den andre sida.
|
|
Skifting av fjøringskuler framme
- Start bilen og vent til han hev heist seg opp. Slå av motoren.
- På vinstre side: Kopla frå leidningane til ryggeljosbrytaren og lyft opp leidningbunten
(du må kanskje ogso skru laust eine hornet).
- Løys kulene nokre cm med ei oljefiltertong.
[Du kann i staden slå eit lite hakk i kulene med hammar og meisel, setja meiselen i hakket og banka
til kulene hev skrudd seg opp 1-2cm. MEN
hugs at kulene inneheld gass under trykk: sprikk dei blir det katastrofe!]
- Senk bilen til nedste stillingen.
- Kjenn etter om kulene er lause (eller rettare sagt festet til kulene);
dei skal kunna bikkast litt fram og attende. Sit dei fast, kann du ta ein garasjejekk inn under fronten på
bilen og heisa honom litt opp. Då bør dei losna.
- Skru av kulene med hendene. Bruk gummihanskar for å få betre grep.
- Ta ut dei gamle pakningane, ha LHM på dei nye, og press deim godt på plass (ikkje på kulene,
men der kulene skal skruast på plass).
- Smỳr eit tunt lag med mineralgrease på kontaktflatene på kulene og skru deim på plass.
Stram so godt du klarar berre med hendene, ikkje bruk hjelpemiddel.
- Legg på plass att leidningbunten og kopla til ryggeljosbrytaren.
|
|
Vanskeleg?
Nei, dette er relativt enkelt.
Men problem kann oppstå om ein eller annan fjomp hev
skrudd fast dei gamle kulene med tong...
NB! Hugs vernebriller!
|
|