Framsida
Fjøring
TRANSPORT
Riksmål English

Transport

Transport av ein nedsegen CX er ikkje enkelt. Det går ikkje an å slepa utan fjøring, og det kann vera vanskeleg å få honom opp på biltilhengar utan å skrapa nedi. Det går an å få honom opp i frå, men du vil fortsatt ikkje ha meir fjøring enn du fær av dekki.


Framme                                                

  1. Jekk opp fronten.
  2. I motorrommet (bak hydraulikkpumpa og på andre sida): Stikk inn 10cm firkantrøyrer (ca 5x5cm) el.l. Må vera solide.
  3. Slepp ned fronten.                                                                         

• Det kann kanskje ogso gå an å ta av kulene og stikka oppi passeleg lange runde røyrer, og so skru kulene på plass att. Men det gjeld då at desse røyrene ikkje forårsakar skade.

Bak                                                

  1. Jekk opp bakenden på bilen og ta av loki yver hjulene.
  2. Fjern gummipakningane (stikk eit flatt skruejarn under kanten og bend deim ut).
  3. Stikk inn 10 cm firkantrøyr (ca 3 x 4 cm) el.l. slik som den raude firkanten viser.
  4. Etter avslutta transport: Ta ut firkantrøyrene og bank gummipakningane på plass att med hammar.

Bak Bak

På hengar                                                

Hengaren må vera lang nok. Ikkje avstand framhjul – bakhjul på CX'en som skal oppå, men avstand frontstøytfangar – bakhjul.
I eit "naudsfall" (med for kort hengar) kunde du kanskje ta av bakhjulene og leggja deim under bakre jekkfester, med nokot mjukt imillom (fjøl med sitje/liggeunderlag på båe sider t.d.). Du måtte då sjølvsagt sikra bakenden ekstra godt mot å gli sidelengs.

Dersom CX'en ligg heilt nedpå kann du kanskje likevel få vinsja honom oppå hengaren om du koplar hengaren frå slepebilen.

• Ikkje rygg CX'en oppå; då blir hengaren altfor baktung.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional