Dersom kupévifta sluttar å fungera, kann du prøva fylgjande: ta
ut reservehjuli, skru av loket på vifta og dra av leidningane.
Set hendelen for vifta på fullt, set på tenningen og mål millom minus på
batteriet og plussleidningen til vifta.
Fær du no ca 12 V betyr det at vifta fær straum. Fær du 0 V kann det vera problem
med kontakten på leidningen som ligg under reservehjuli, eller sikringen kann vera defekt.
Mål deretter motstanden millom minus på batteriet og minusleidningen til vifta.
Fær du no ikkje utslag, må du undersøka reguleringshendelen for vifta,
og boksen kopla til denne (under hanskerommet).
Fær du utslag på både pluss- og minusleidningen til vifta,
kann du prøva å kopla til leidningane att og snurra henne rundt litt (ikkje med fingrane!).
Startar ho med dette er sannsynlegvis børstane utslitne.
|