Framsida
Elektrisk
EKSTRA BREMSELJOS
Riksmål English

Plastklips Dersom du bryt sund plastclips, vrir du på plass eit nytt med ei tong (med klokka). Pass på at det kann bevega seg fritt.

Lodding Ikkje slik...

Lodding ...men slik.


Montering av ekstra bremseljos


Det går an å festa bremseljoset rett på bakruta, men det er betre å festa det til plastdekselet.

  1. Ta ut vinstre baklykt (tvo skruar og lirk det varsamt laust).
  2. Ta av dekselet på vinstre D-stolpe: ta ut lampen (bikk honom ut på vinstre side med eit flatt skruejarn) og skru ut bolten innanfor, ta av gassdemparen (set eit kosteskaft som stytte under bakloket), tvo plastclips (stikk inn eit langt skruejarn el.l. og bend forsiktig ut).
  3. Løys sidedekselet i bakkant (tvo skruar).
  4. Lim fast bremseljoset på plastdekselet oppe, tett innåt gummilisti.
  5. Ta av plastdekselet (tvo skruar + fire plastklips).
  6. Bor hol frå innsida av plastdekselet og inn i føtene på bremseljoset og set i skruar.
  7. Skjer eit hakk i kanten på plastdekselet (evt. bor eit hol), ha limband på leidningen og legg honom gjenom hakket.
  8. Kopla minusleidningen til jord (bakruteviskaren).
  9. Trekk leidningen ned til vinstre bakljos: fyrst gjennom plaststrømpen (bruk ein tynn streng til å dra med), deretter festast med limband nedetter D-stolpen, so gjennom eit hol (trekk ein plaststrømpe på leidningen her) og inn i bakljosrommet.
  10. Kopla plussleidningen til bremseljosleidningen (avisoler båe, tvinn stramt rundt, lodd og ha på rikeleg med isolasjonslimband).
  11. Monter båe plastdekseli, sidedekselet og vinstre baklykt.



Hakk


Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional