Framsida
Bremser
FRAMME
Riksmål English

Leidningane skal inn i ein kort plast­strømpe og under bøylen slik som vist her.

Skifting av bremseklossar framme

Demontering

  1. Reingjer godt.
  2. Kopla frå leidningane som stikk ut or bremse­klossane (um dei er der).
  3. Ta ut låsepinnen (5) (klem inn 4).
  4. Ta vekk bøylen (4).
  5. Ta ut dei gamle bremseklossane (2x3).

Montering

  1. Reingjer godt. Blås reint med trykk­luft.
  2. Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremse­klossar (for å verna bremse­skiva). Bruk eit stort skrue­jarn el.l. og press alle stempeli heilt inn. Ta ut kryss­finerplatene.
  3. Set i dei nye bremse­klossane (pass på at bremse­belegget vender mot bremse­skiva).
  4. Smỳr på eit tunt lag kopar­pasta (eller kanskje helst alu-pasta) på bøylen (4) og legg honum på plass. NB! IKKJE få pasta på bremse­skiva eller bremse­klossane!!! Er bøylen vorten skrøpeleg må du skifta til ny.
  5. Stikk inn låse­pinnen (5) og pass på at bøylen går i lås i båe spori på låse­pinnen.
  6. Kopla til leidningane og sikra deim.
  7. Køyr inn bremse­klossane.


• Når du skal ta ut dei gamle bremse­klossane, kann det henda at dei sit fast. Prøv å slå deim forsiktigt oppyver og nedyver med ein hammar medan du bender deim ut. Bruk deretter ei trikantfil el.l. og fil opp sporet der bremse­klossane skal bevega seg. Det er svært viktig at dei nye klossane glir lett på plass og kann bevega seg fritt.

• Du kann ha på litt koparpasta på baksida av bremse­klossane (sida som vender mot bremse­stempeli), men pass for all del på at det ikkje kjem noko på bremse­belegget eller bremse­skivene!!!

Skifting av bremseklossar
(den grundige måten)


Kryssfinerplater i caliperen.

  1. Ta ut dei gamle bremseklossane.
  2. Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar.
  3. Start bilen og trakk hardt på bremsepedalen. Slå av motoren.
  4. Ta av halvcaliperen og bremseskiva og fjern kryssfinerplatene.
  5. Reingjer og smỳr alle fire stempeli med litt LHM, turk av deim med eit papir og press deim inn att (VERNEBRILLER!).
  6. Monter bremseskiva (må reingjerast godt!), halvcaliperen og nye bremseklossar. (Pass på at klossane til handbremsi er på plass.)
  7. Luft bremsene.
  8. Køyr inn bremseklossane.

Halvcaliper, innsida.

• Um det er vanskeleg å få inn att stempeli, kann du på halv­caliperen bruka ei stor tong, og på hovud­caliperen banka forsiktigt med ein hammar. Hugs å leggja ei tre­plate mot stempeli fyrst.

Kontroll av varsel for utslite bremsebelegg

  1. Slå på tenningen.
  2. Leidningane som bremseklossane er kopla til: kortslutt ein og ein leidning til jord (bremseskiva).

(Altso: Leidningane som går opp i motorrommet, ikkje leidningane som kjem ut or bremseklossane!)




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional Valid CSS!