Framsida
Bremser
FRAMME
Riksmål English


Typar

Caliper framme

Caliper Halvcaliper Bremseslange
→ 7/78 → 80 → 7/78
78 → 80 80 → 7/78 →
80 →    
                                                                                               

Å løysa eit stempel som sit fast

  1. Ta ut bremseklossane.
  2. Skru av halvcaliperen.
  3. Ta av bremseskiva.
  4. Teikn av stempelet sin plassering på eit matpapir el.l.
  5. Sag eit hol (litt større enn stempeldiameteren) i ei tjukk treplate.
  6. Monter plata saman med ei tunn kryssfinerplate. Plata du hev laga no bør vera so tjukk at ho so vidt smett inn i caliperen.
  7. Set plata inn i caliperen slik at holet kjem rett yverfor stempelet.
  8. Skru på halvcaliperen att og luft bremsene.
  9. Med motoren i gang, trakk bremsepedalen hardt inn. Stempelet sprett no forhåpentlegvis ut.
  10. Ta av halvcaliperen og fjern plata.
  11. Reingjer og ta ut støvringen og bremseringen. Etter du hev fenge spori til desse gullande reine, monterer du i nye.
  12. Reingjer og smỳr stempelet med litt LHM, turk av det med eit papir og set det i att.
  13. Monter bremseskiva (må reingjerast godt!), halvcaliperen og bremseklossane.
  14. Luft bremsene.

Vil du gjera ekstra bra jobb, kann du laga ei "bremseskive" av tre. Lag tvo djupe hol til stempeli på eine sida som vist på teikningen. Dermed er det berre å setja inn skiva slik at du hev eit hol yverfor stempelet som sit fast.

Skifting av bremserøyr på caliper




• Den nye bremserøyri du monterer må behandlast slik at ho vil vara i mange år. Du kann til dømes ha på eit strøk med Owatrol og tvo – tri lag med lakk som toler sterk varme. Deretter polering og lakkforsegling.
Hugs ogso å gjera det same med bremserøyri på den andre sida.

Bremserøyr

Demontering

  1. Reingjer godt.
  2. Ta ut skruane D og E.
  3. Skru ut F.
  4. Skru av C.
  5. Skru av B dersom det ikkje er festebrakett på den nye røyri.

Montering

  1. Skru bremserøyri fast til C (hugs koparstoppskive). NB! Pass på at den fleksible bremserøyri C er festa til ikkje blir vridd!!! (Kann vera vanskeleg å få til.) Ho må hanga i ein fin boge etter at bremserøyri er montert.
  2. Skru fast F (pass på at det er koparstoppskiver på båe sider).
  3. Skru fast D og E (ha litt koparpasta på gjengene).
  4. Luft bremsene.

Bremserøyr

C kann sitja noko forferdeleg fast. (Det kann vera lurt å festa A i ei skrustikke.) Ver varsam so du ikkje skadar den nye bremserøyri, dersom du hentar henne frå delebil.

• Set helst på nye koparstoppskiver. Um du brukar dei gamle, må dei glødast fyrr montering. (Varm deim upp til dei blir kvitglødande, og legg deim deretter i kaldt vatn.)




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional Valid CSS!