Framsida
Bremser
BAK BERLINE
Riksmål English


• Berline hev vanlege bremseskiver bak.

Bakbremsene

Bakbremsene er ikkje alltid so mykje i bruk, og hev lett for å "gro fast". Dei må difor kontrollerast med jamne millomrom. Og ta gjerne nokre kraftige nedbremsingar når du hev tungt lass.

Bremseklossane må ha tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.

Bremseskivene må vera blanke på båe sider, og tilstrekkeleg tjukke.                                                        


Bremsebelegg
Min. 3 mm

Bremseskive berline
Min. 5 mm                                      


1Brake caliper
2Brake disc
3Set 4 brake pad (bremseklossar)
4Caliper piston
5Piston seal
6Piston seal
7Caliper seal
8Centring pin
9Shoe spring
10Guard sheet met
11Disc protector
12Pin
13Pin

Bakbrems

Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX


14 Drain screw (luftenippel)
15 Bleed screw cap (hette for luftenippel)
16 Capscrew
17 Caliper screw
18 Retaining pin
19 Capscrew
20 Capscrew
21 Piston washer
22 Plain washer
23 Spring washer
24 Fixing washer
25 Nut
26 Nut

Skifting av bremseklossar


  • På caliperen er det eit deksel (10) festa med ein lang bolt (18). Løys bolten litt og pirk laus dekselet med eit flatt skruejarn.
  • Skru av muttaren og dra bolten ut medan du klemmer bøylen (9) litt inn.
  • Ta ut bremseklossane.
  • Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
  • Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar (for å verna bremseskiva). Bruk eit stort skruejarn el.l. og press båe stempeli heilt inn. Ta ut kryssfinerplatene.
  • Set i nye bremseklossar (pass på at bremsebelegget vender mot bremseskiva). Klossane må kunna bevega seg fritt.
  • Legg bøylen på plass og set i bolten (ha litt koparpasta på båe). Skru muttaren litt på.
  • Set på dekselet og stram til.
  • Køyr inn bremseklossane.

Caliper med avteke deksel.

Skifting av caliper                                                

  • Skru av hydraulikkrøyri.
  • Ta ut bremseklossane.
  • Skru ut dei tvo boltane som held caliperen på plass.
  • Ta av caliperen (pass på å ikkje få hydraulikkvæske på bremseskiva).
  • Reingjer den nye caliperen og press inn båe stempeli.
  • Bruk ei trikantfil og fil upp området der bremseklossane skal bevega seg (um du set på ein brukt caliper).
  • Skru på caliperen. Stram 4.5 mdaN (45 Nm).
  • Skru på hydraulikkrøyri.
  • Monter bremseklossane.
  • Luft bremsene (med bilen i yverste stilling).

• Fram- og bakbremsene er uavhengige.

• Bakbremsene er lastavhengige. Til tyngre lass du hev, til kraftigare bremsevirkning vil du få.

Skjema
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX

Deksel

Fyrr.

Deksel

Etter.

Reparasjon av bremseskjold

Bremseskjoldi kann vera nokso gjennomrusta, so det er best å få ordna deim jo fyrr jo heller. Du tek deim av ved å skru ut tri småe boltar. Dersom desse er fastrusta, er det fort gjort å vri deim av. I sofall borar du upp nytt hol og lagar nye gjenger.

Skrap vekk all laus rust med eit gamalt hoggjarn og puss med stålbørste. Ha på rustbehandling, og deretter grunning el.l. Dersom der er hol, klistrar du fast aluminiumslimband på båe sider av desse. Og so tvo lag med svart lakk, og evt. eit lag understellsbehandling.

Når du monterer må du passa på at den yverste og nederste skruen (19) vender mot deg (at du ikkje set deim i frå baksida). Og at bremseskjoldet er snudd rett veg (um du tenkjer deg skjoldet som ei skål, so skal yversida venda mot deg). Ha koparpasta på gjengene til skruane fyrr du set deim i.

Nye gjenger.


Pass på at bremserøyri ikkje tek borti bremseskjoldet.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional